Top Local Places

Fruene Ved Havet" På Flø

Flø, Ulsteinvik, Norway
Cafe

Description

ad

Fruene Ved Havet arrangerer kafè på Flø siste søndagen i kvar månad. Her sel vi vår eiga fiskesuppe med brød og elles kaker og god heimebakst.

Velkomen

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

facebook.com

Vi skriv februar, skulane har starta på vinterferieveka, og førstkomande søndag er det klart for kafé . Det er ein fantastisk tidleg mandag morgen, har utsikt rett på Kleven verft med snødekte Rovdefjella i bakgrunn.Eit svakt rosa skjær på himmelen viser at sola er på veg opp. Alle taka i nabolaget er kvite av rim, men i hagen såg eg snøklokker i går, så våren kjem i år også. Rakk ikkje meir i dag tidleg, måtte fare for å nå flyet til Oslo. Men for ein dag å fly med Wiederøe fra Ørsta på, flyet leika seg fram mellom snøkledde toppar og tindar, vi såg ikkje ut på toppane, men opp på dei. Heilt fantastisk. Nok naturskildring for idag, men kan no berre sei til slutt at snøen på Sunnmøre er mykje finare enn den dei har i Oslo. Og så kan vi alle glede oss over alle medaljane i Korea, fantastiske idrettsutøvarar vi har. Så håper vi at det er noken som gler seg til søndagskafe også, denne gongen skal vi prøve å lage til fleire bord slik at ingen treng å gå uten å få servering. Mot slutten av veka er det berre å setje kursen heimover for begge fruene, Flø kallar, fiskesuppa og brøda og kakene blir klare til søndag. Hjertelig velkomne til alle gjestar. Helsing fruene.

facebook.com

facebook.com

Godt nytt år ! Vi er ferdige med første halvdel av januar og snart klare for første kafé i år, søndag 28 Jan. Har nettopp sett ein del godt skodde turgåarar på veg over Bugardsmyrane, tyder på at vi er på veg ut av siste istida. I Fløstranda såg eg eit tydeleg skjer av grønt i seljetrea i går, stien langs sjøen var isfri og fin. Så vi går mot lysare tider, dagane blir stadig lengre og vi to fruene gler oss til årets første kafé. Vi har snakka om det av og til, alle gjester som kjem er blide og fornøgde, praten går mellom kjende og ukjende. Vi vel å tolke det slik at dette er noko folk set pris på, og når ein kan glede nokon , gløymer vi lett alt arbeidet som ligg bak. Det blir ei gjensidig glede. Så hjertelig velkomne til ein tur til Flø, kom innom kafeen for ein matbit og litt prat. Helsing Fruene

facebook.com

Messa er open 12-18. Vi brukar Vonheim og gymsalen på skulen. Mesteparten av utstillarane er i gymsalen, her Finn vi Cecilie Hatløy som vil portrettfotografere, Løvens hule med blomster,

facebook.com

facebook.com

Åpent 12- 18. Mesteparten av utstillarane er i gymsalen, her vi finn Cecilie Hatløy som skal portrett fotografere, Løvens hule med blomster, Marit Moldskred, E lin Grethe og Wenche Haddal, Ingebjørg Hofseth, i alt 26 utstillarar. På Vonhein har vi kafe oppe, og ein del utstillarar nede, her kan du få kjøpt poteter, lefser, flatbrød og gjærbakst. Vi ynskjer alle velkomne til messe ved havgapet. Helsing Fruene.

facebook.com

facebook.com

facebook.com

November er månaden for messer, omtrent kvar helg finst det ei messe å stikke innom. Det er ein uskriven regel på øya vår å ikkje legge messene på same dato, og sånn må det vere, vi tek omsyn til kvarandre. Siste laurdagen i november har i fleire år vore Flø sin dag, og dagen nærmar seg raskt. Vi har ikkje største messa, men vi prøver å lage det triveleg for både messedeltakarar og publikum. Vi nærmar oss 30 deltakarar, og har prøvd å finne litt variert utvalg av utstillarar. Nytt av året er er Cecilie Hatløy (Lykkeliten studio) som vil portrettfotografere, Løvens hule er der med blomster , og gymsalen er tettpakka med fint handtverk. For å få plass til alle, treng vi både skulen og heile Vonheim. Det blir også salg av flatbrød, lefser, poteter og gjærbakst. Vi lagar til kafé oppe på Vonheim, her serverer vi mat for einkvar smak. Så vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til Fruene si messe på Flø 25. nov . Messa opnar kl 12 og held på utover til kl 18. Sjå elles annonser og omtale i Regionsavisa 22.11 og Vikebladet . Messehelsing fra Fruene ved Havet

facebook.com

facebook.com

Og så var det blitt oktober,og vi er ferdige med alle plommene og epla som datt av trea til sist når regnbyene og småstormane kom og hjelpte til. Eg hadde tenkt å lage rognebærgele i år, men ville vente på ei frostnatt .. Men høljeregnet kom først, og så var det niks meir rognebær. Komande helg skjer det fleire ting, det eine er at vi skal flytte klokka ein time mot sommaren, det er greitt å vite for dei som har tenkt seg til Flø på kafe,. Då blir det tid til ein ekstra lang formiddagstur tur før fiskesuppa eller bacalaoen blir servert kl 13. Vil minne om at på denne årstida har vi ope til kl !7, og så har vi vipps , om du manglar kontantar. Så til alle kafegjester: Hjarteleg velkomne til Fiskesuppe, kvit bacalao med heimebaka brød til, eller berre ein kaffi og eit kakestykke til dei som har fårikål på kok heime. Ta med ein ven, eller kom åleine, vi finn plass til alle. Oktoberhelsing fra Fruene

facebook.com

Quiz