Ulstein Arena
Description
Tell your friends
RECENT FACEBOOK POSTS
facebook.comVelkomne til Ulsteinbadet i vinterferien! Vi har utvida opningstider i heile veke 8, 19. - 25.februar. Mandag 09.00 - 21.00 Tysdag 06.30 - 21.00 Onsdag 09.00 - 21.00 Torsdag 09.00 - 21.00 Fredag 06.30 - 21.00 Laurdag 11.00 - 18.00 Søndag 11.00 - 18.00
Tilbod i kafeen ved Ulstein Arena Grunna ei feilbestilling har vi ein del pakkar med 600 g heile kaffibønner. Veldig god kaffi! Vi sel dei ut til kr 50,- pr pakke. Henvend kafeen for å kjøpe.
Ytre Søre Sunnmøre symjeklubb tilbyr no symjekurs ved Ulsteinbadet. Påmeldinga er opa, sjå link under.
Har du lyst å trene fridykking og undervassrugby saman med Ulstein og Hareid Dykkerklubb (UHDK)? Trening fridykking, UV-Rugby, kondisjon og styrke i Ulsteinbadet, Ulstein Arena. Fridykkarar har treningstid i 25 m bassenget onsdagar og torsdagar frå kl 20.45 til 21.15. Symjeføter skal ikkje takast i bruk før kl 20.45 (etter vanleg publikumsbading). UHDK stiller med instruktørar og vakter. Utøvarar nyttar familie/HC-gardrobane, og skal vere ute av garderobane kl 21.30. Dette er ikkje svømme- eller fridykkerkurs, men aktiv trening. Dei som vil delta på treninga må ha gjennomført oppvarming før kl 20.45 (symjing, jogging eller sykling) då vi startar rett på felles intervallar og kondisjonstrening med fullt fridykkerutstyr. Pris: Betaling inngangsbillett eller abonnement ordner kvar for seg i resepsjonen Ulsteinbadet på vanleg måte. VELKOMMEN! Spørsmål? Kontaktperson: Håvard Stave, mob 906 15 698
Er du utan planar i vinterferien? I år er UlsteinLAN på plass i Ulstein Arena, og det er framleis ledige billettar! Arrangementet er rusfritt. Del gjerne 😊
Det nærmar seg vinterferie! Bli gjerne med i Quality Hotel Ulstein si Facebook-konkurranse, som dei har i samarbeid med oss. NB. Du må inn på sjølve innlegget til Quality Hotel Ulstein for å delta i konkurransa, kommentarar på vår deling vert ikkje med.
"Hvordan religionen kan tilpasse seg samfunnet" Abdi & Aske inviterer saman med Ulstein bibliotek til ei unik samling der vi møter ein prest og ein imam saman i panelet. Førstkomande måndag på Ulstein bibliotek, 1. etasje i Ulstein Arena. Velkomne!
I morgon fredag, er det på nytt klart for morgonbading kl 06.30-08.00🏊♂️ Tysdag var det 47 personar som møtte opp😊 Etter morgonbadet blir det høve til å kjøpe frukost i kafeteriaen👍
Denne veka startar vi opp med morgonbading og damebading! Tider verdt å merke seg: Tysdagar kl 06.30-08.00 Morgonbading Tysdagar kl 19.30-21.00 Damebading Torsdagar kl 18.00-19.00 Velværebassenget er stengt grunna utleige Fredagar kl 06.30-08.00 Morgonbading
Tysdagar kl 19.30-21.00 er Ulsteinbadet reservert damer. Første kveld med damebading vert tysdag 9. januar.
Tysdagar og fredagar opnar vi Ulsteinbadet kl 06.30-08.00 for deg som vil starte dagen med ei symjeøkt. Første dag med morgonbading vert tysdag 9. januar. Det vert høve til å kjøpe seg ein enkel frukost i kafeen etter bading. Velkomne!