Svelgen-Bremanger Røde Kors
Description
Hjelpekorpset er ein viktig del av redningstenesten. Det er behov for fleire livreddarar til denne tenesten. La oss lære deg opp til å redde liv. Vil du? Røde Kors Hjelpekorps i Svelgen og Bremanger ynskjer å gjere hjelpekorps-aktivitetar meir syneleg for både gamle, nye og evt kommande medlemmar.
Hjelpekorpset driv med trening og forberedelse til søk og redning, førstehjelp på ulike nivå samt opplæring i alle hjelpekorpsdisiplinar. Hjelpekorpset øvar anna kvar veke og er som regel ute.
Tell your friends
RECENT FACEBOOK POSTS
facebook.comHjelpekorpset har i dag hatt øving der vi trente på bilulykke. Vi hadde med markørar frå RØFF under øvelsen. Hege Valberg var med å informerte om korleis tilsette i ambulansen jobber i bilulykker.
Vi skal ha korpskveld på torsdag, der temaet er bilulykke. Er du ikkje med i hjelpekorpset, men nysgjerrig på kva vi gjer? Kom å bli med då vel 😊
Etter årsmøte den 26. Februar takkar vi Synøve Sande for innsatsen ho har gjort som leiar, og ønskjer Jan Børge Monsen lukke til som ny leiar for Svelgen-Bremanger Røde kors!
Nok ei velukka øving med RØFFen, i dag var det søk og redning som var på agendaen. Dårleg vær, humøret var på topp! 😀
Er dette noko for deg og din firbeinte venn? Ta kontakt då vel 😊
Vi vil ønske dykk alle ei riktig god jul! 🎄
Svelgen hjelpekorps var godt representerte på kveldens krevande lende øving i Florø 💪
«Takk for at du er den du er» Jon Atle 😊 Dette blei ofte sagt på Landsmøte Rødekors sist helg og passa perfekt her 😊