Folkemusikksenteret i Buskerud
Description
*Bibliotek *Insp.studio *Arkiv
*Overnatting *Utleie *Møterom
*Kulturskolens musikkundervisning *Feleringen * Talentskolen * Barne og ungd.samling
Hvordan komme dit:
Fra Drammen - ca. 60km - R.v. 35 forbi Hokksund til Åmot, R.v. 287 forbi Blaafarveværket
Fra Hønefoss - ca. 55km - R.v. 7 til Hamremoen, R.v. 280 til Krøderen og Fylkesvei til Sigdal/Prestfoss
Fra Kongsberg - ca. 55km - R.v.40 til Lampeland, Fylkesvei til Sigdal/Prestfoss
I Prestfoss er avkjøring fra hovedvei skiltet - Folkemusikksenteret
BUSS:
Nettbuss Åmot - Eggedal og Kongsberg - Prestfoss
TOG:
Nærmeste jernbanestasjon er Hokksund.
Avstand fra Hokksund til Prestfoss 45 km = 40 minutter med bil
FLY:
Timeexpressen fra Oslo til Vikersund.
Senteret ligger i Prestfoss, kommunesentrum i Sigdal, Buskerud.
Her har vi trivelige lokaler med eget lytte- /studierom der du kan sitte uforstyrret og fordype deg i arkivet sine samlinger.
Arkivet er godt i gang med å digitalisere eget arkivstoff og har et bra system for dette.
Senteret har overnatting med lune og trivelige rom, utstyrt med køyesenger, og de fleste med klesskap og vaskeservant. Moderne utstyrt WC og dusj finner du på gangen.
Senteret ønsker å bidra til at formidling av folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Buskerud styrkast.
Dere som er utøvere/interesserte TA KONTAKT!!!! VI VIL AT DERE SKAL BRUKE ARKIVET!!!!
Tell your friends
RECENT FACEBOOK POSTS
facebook.comSTY til Veggli!
Fredag 2.juni holder STY konsert i Veggli - med folkemusikk og dansemoro fra Tinn til Telemark. Før konserten kan barn og unge delta på en workshop med mesterne på dans med Sigbjørn Rua, hardingfele med Lars-Ingar Meyer Fjeld og kveding med Unni Boksasp. Arrangører: Folkemusikksenteret og Numedal spel- og dansarlag. Konsert kr 200,- (kjøpes ved inngangen) Workshop kr 100,- (Konsert og workshop 250,-) Påmelding workshop, mail til wetterhus@buskerudmuseet.no Litt om STY: STY er ein trio som vart etablert i 2009 og besto da av Per Anders Buen Garnås, hardingfele, Sigbjørn Rua, dans og munnharpe og Unni Boksasp, song, zitter og dans. Alle tre utøvarane er i eliten av norske folkemusikarar og alle har vunne landskappleiken fleire gongar. På landskappleiken på Voss i 2010 vann dei kvar sin A-klasse: hardingfele, laus og vokal. I 2017 måtte Per Anders Buen Garnås ta ei pause på grunn av høgt arbeidspress med m.a. Byting. Ny felespelar i gruppa er Lars Ingar Meyer Fjeld. Han har på kort tid nådd opp i toppsjiktet av norske hardingfelespelarar, og kom på 2. plass på Landskappeliken 2016, rett etter Ottar Kåsa. Uttrykket ”sty” er eit dialektord frå Tinn som tyder dansemoro, og det er nettopp musikken og dansen frå Tinn som dannar grunnlaget for repertoaret til Sty. Konsertane er i utgangspunktet akustiske og har som mål å framføre den tradisjonelle solistiske slåttemusikken, songen og dansen på eit høgt nivå, nært og uformelt. Dei legg også vekt på historiene rundt repertoaret dei spelar, slik det har vore vanleg i tradisjonen. Sty arbeider også med å smelte saman dei solistiske uttrykka i samspel – utan at dei viktige særtrekka til musikken går tapt. STY har turnert for ”Den blå timen” i Buskerud og Telemark sidan 2009, og har heldt ca 100 konsertar på ulike institusjonar, festivalar og scener. I 2013 var dei på turne i Telemark, Buskerud, Rogaland og Hordaland med støtte frå Norsk kulturråd. Litt om kvar enkelt: Unni Boksasp (kveding, dans og zitter) er folkesongar frå Nordmøre, no busett i Tinn i Telemark. Ho arbeider som musikar på heiltid, både som solo kvedar, i ulike ensemble som komponist og pedagog. Si formelle utdanning har ho frå Kungliga Musikhögskolan i Stockholm og frå Høgskolen i Telemark, avdeling Rauland. I tillegg har ho gått i lære hjå fleire av dei framste folkesongarane i Skandinavia. Ho vann eliteklassa i vokal folkemusikk – klasse A – både i 2010 og i 2011. Ilag med sitt eige Unni Boksasp Ensemble har ho gjeve ut fleire prisløna plater med både tradisjonell og nykomponert folkemusikk. Ensemblet har vunne både Spellemannspris og Folkelarmprisar for platene sine. Unni har turnert mykje for Den kulturelle skolesekken i Møre og Romsdal med fleire ulike produksjonar. Sigbjørn Rua (dans og munnharpe) høyrer til toppsjiktet av folkedansarar i Noreg. Blandt anna har han gått til topps i lausdans under Landskappleiken åtte gongar, og dansar for dansekompaniet FRIKAR. Sigbjørn Rua kjem frå og bur i Jondalen i Kongsberg kommune. Han er profesjonell folkedansar og har hatt dans som jobb dei siste åra. Sigbjørn starta å danse allereie som seksåring og har vore aktiv i heile oppveksten. Læremeistrane har m.a. vore Robert Dokken, Karin Brennesvik og Hellik Dokka. Han har dansa i A-klassa sidan 1997. Småjondølene og ikkje minst FRIKAR Dance Company har ført Sigbjørn nesten heile verda rundt på danseoppdrag. Sigeren i Melodi Grand Prix i 2009 ilag med Alexander Rybak, der Sigbjørn var ein av danssarane, er eitt av høgdepunkta i dansekarrieren. Av andre høgdepunkt kan vi nemne Norske Talenter og Per-Gynt oppsetjingane i Frya-juvet. Sigbjørn har og hatt mange oppdrag for Rikskonsertane og den kulturelle skulesekken, og han har vore dansenisse i Putti Plutti Pott sidan 2009. I 2013 hadde Sigbjørn koreografien på opningskonserten ”Drønn fra fjellet…” på Folkedansfestivalen på Kongsberg. Lars Ingar Meyer Fjeld (hardingfele og munnharpe) er hardingfelespelar frå Sandefjord, no busett på Notodden der han studerer Master i pedagogikk. Han har vore læresveinen til både Per Anders Buen Garnås og Ottar Kåsa, og har fått pallplass 2 år på rad i A-klassa på landskappleiken. Lars Ingar er ein popular og flink pedagog innan hardingfeleopplæringa. Han er difor ein mykje bruka lærar på kurs og talentskular. I tillegg til masterstudiene jobbar han som felelærar i Bø og Tinn Kulturskole. I 2016 ga han ut si første solo plate: Hardingfele, på plateselskapet Ta:lik. Denne vart nominert til Spellemannsprisen 2016.
Photos from Folkemusikksenteret i Buskerud's post
Flere bilder fra en flott stund i Galleri Skredsvig med disse tre på hardingfele! Tusen takk til Knut Myrann, Kenneth de Gala og Synne Frogner!🎻🎻🎻
Timeline Photos
Mykje folk har trossa finværet for å kome på konserten Tonearv med Knut Myrann, Kenneth de Gala og Synne Frogner denne fredagskvelden. Stas!
Konsert "Tonearv"
Numedalsnett
Husk konserten på fredag med disse tre lokale hardingfeleutøverne i vakre omgivelser på Galleri Skredsvig!🎶 Billetter kan forhåndsbestilles eller kjøpes i kafeen, som forøvrig er åpen en time før og etter konserten. Den franske kafeen er vel verdt et besøk!
Ål spel- og dansarlag informerer: "Kvar søndag framover mot juli kan du få danse hallingspringer til levande musikk på Solhov på Ål! Klokka 19:00 til 20, eller 2030, litt avhengig av kvar mange som kjem og kvar danseglade dei er!! Fyll opp ein bil og ta ein tur! Helsing frå Ål spel-og dansarlag"
Greenskogen Vel
Einar Selvik Workshop
Spennende workshop med Kraviklyra og verdensartisten Einar Selvik!🎶
Stiftinga for folkemusikk og folkedans
Fra arkivseminaret i Trondheim i mars. Vi hadde stort utbytte av samlingen!🎶
Timeline Photos
Testing, testing! Folkemusikkonsulentene gjør seg klare å bidra under åpningskonserten på Sigdal Museum, 14.mai. Med god hjelp av John Ole Morken, er vi nå selvgående hva gjelder lydopptaksutstyr; med XLR- kabler, lydkort, audacity, mikker og opptaker koblet opp! #musikktilarbeidet