Top Local Places

Eid Musikklag

, Nordfjordeidet, Norway
Community Organization

Description

ad

Eid Musikklag er eit janitsjarkorps for unge og vaksne amatørar. Korpset vart skipa i 1913 under namnet Kjøsnesmusikken på Nordfjordeid. I dag har korpset over 30 aktive musikarar. Historia bak Eid Musikklag

Eid Musikklag vart skipa 25. november 1913, den gong under namnet Kjøsnesmusikken. Dagens Eid Musikklag er soleis ei forlenging av dette militærkorpset som hadde tilhald på eksissplassen Malakoff på Nordfjordeid frå 1649, den eldste eksisplassen her til lands. Kjøsnesmusikken vart leia av Fanejunker Samuel Kjøsnes (1861 -1933), som var musikkoffiser ved IR10 på Nordfjordeid. Det var via militæret og Kjøsnesmusikken at  nordfjordingane lærte seg notar, noko som seinare har lagt grunnlaget for eit blomstrande musikk- og kulturliv i bygdene i Nordfjord.

I meir enn 100 år var eksisplassen og det som der gikk føre seg, eit sermerkt innslag i folkelivet her på Eid. Rekruttskulen med omlag 300 mann kalla dei læreturen, og bataljonsamlinga med 1200-1500 mann kalla dei storturen.
Alle mann; offiserar, underoffiserar og soldatar vart innlosjert i hus på Eid og dei næraste gardane kring. Romslig var det nok ikkje alltid korkje for soldatar eller husets folk. Husa var ofte små og lite tenlege for leigeboarar, det vere seg både for sengeplass og sanitære forhold medan samlingane varte.

I Oberst Holtermann si tid (kring 1895-1900) her på Eid var nok Kjøsnesmusikken på topp i kvantitet og kvalitet. Oberst Holtermann var ein barsk offiser som likte å ha orden på tinga både under feltøvingar og paradar på Plassen der Kjøsnesmusikken eldna soldatane og fryda dei skuelystne eidarane som var møtt fram i stort antall.


RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Eid Musikklag har på tradisjonelt vis spelt jula inn for eldre og sjuke i Eid sentrum. Vi ønskjer god jul til alle andre!

facebook.com

Takk til alle kor, lag og enkelt personer som deltok i ei fin førjulstund i Eid Kyrkje idag.

facebook.com

Øvingstider: Eid Musikklag oppmøte kl. 14:00 Oppvarming: Kl. 14:20 Eid Musikklag varmer opp(eller så snart vi har fått klargjort kyrkja) kl. 14:40 Nordfjordeid Skulemusikk kl. 15: 10 Barnekoret kl. 15:30 Hjelle skulemusikk( vert sittande sidan de skal spille som fyrste musikklag) Ca. 15:10 - D-kor varmar opp på kyrkjetun – avtal med Rebbeca Benedikte og Inge får finne ledig stund til oppvarming.

facebook.com

facebook.com

Barnekoret, D-kor, Hjelle skulemusikk, Nordfjordeid skulemusikk, Eid musikklag mm opptrer med fin julemusikk. Lørdag 9. Desember kl. 1600.

facebook.com

Takker Nordrikk ved John Olav Lefdal for støtta til Eid Musiklag og andre lag/ organisasjoner i Eid. Det er godt med slike lokale støttespelarar, som gjev eit bidrag til det frivillige dugnadsarbeidet. På vegne av Eid musikklag - Tusen takk.

facebook.com

Det vert tradisjonell julekonsert i Eid kyrkje laurdag 9. desember. Velkomen til ei roleg stund i kyrkja der lokale kor og korps sørker for musikken og julestemninga.

facebook.com

Dei tre tubaistene frå Gloppen Janitsjar 😎

facebook.com

Takk til Aase Skaar som har lagt ut dette bildet av Eid musikklag frå -50 talet. Ifølge dei som har kommentert bildet kan vi på bildet sjå: Alf Andersen i midten framme, "Prikken"/Andreas Sunde med trumpet, "Lisje Leifen"/ Leif Wedvik på skarptromme, VK på stortromme, Ragnar Myroldhaug som nr.2 frå høgre med althorn. Fleire namn?

facebook.com

Valhall

facebook.com

facebook.com

Dagens spilloppdrag: opninga av operaveka i Kulturhuset Gamlebanken.

facebook.com

Quiz

NEAR Eid Musikklag