Top Local Places

Lærdal Kino

Øyraplassen 14, Lærdalsøyri, Norway
Movie Theater

Description

ad

Lærdal Kino Kvar?
Lærdal  kommunale kino held til i Lærdal Kulturhus og har til vanleg framsyningar kvar helg.
Kinoprogrammet finn du her på facebooksida vår (under Hendingar), i aktivitetskalendaren på kommunen si heimeside, i Sogn Avis, Helg & Kvardag, Det Skjer, skjermane i butikkane og på oppslag i kulturhuset og i plakattavlene på rådhuset og kulturhuset.

Teknisk
I januar 2011 vart våre to trufaste 27 år gamle Tsjekkoslovakiske Meopta kinomaskiner bytta ut med ein Christie CP2220 digital kinoprojektor. Kinoen har topp moderne lydanlegg; Electrovoice og JBL høgtalaranlegg, Dolby surround prosessor og QSC forsterkarar.

Sjølve salen har 150 komfortable sitjeplassar.

Filmane som vert synt for publikum under 18 år vert kontrollert på førehand av Statens filmtilsyn. Filmen blir då vurdert etter gjeldande reglar og praksis i  §§ 5 og 6 i filmlova.

Aldersgrenser på kino
A – tillate for alle
6 år – alle born i fylgje med vaksne
9 år – born ned til 6 år i fylgje med vaksne
12 år – born ned til 9 år i fylgje med vaksne
15 år – unge ned til 12 år i fylgje med vaksne
18 år – absolutt aldersgrense

Billettprisar på kino

Vaksne kr. 100
Born kr. 80

Eigne prisar for einskilde premierer og spesielle framsyningar

Lærdal kommunale kino tilbyr stemplingskort der kvar 10. film er gratis


Det er høve til å kjøpe gåvekort til kinoen i servicesentralen på rådhuset.

Me oppmodar føresette om å følgje barn på kino

Ved bråk og uro i salen vert filmen stansa.

Kinoansvarleg: Øyvind Hamre

Telefon: 905 84 198

E-post: oyvihamr@broadpark.no

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

facebook.com

Fyrste smakebiten, kjem fyrste helga i august! https://www.youtube.com/watch?v=wb49-oV0F78

facebook.com

Hei folk! Me må berre beklage så mykje at det var problem med lyden i starten på framsyninga av Coco i dag. Karane som var tiltrudd å koble til att kinoanlegget etter UKM hadde diverre ikkje gjort jobben skikkeleg. Kinovikarane gjorde sitt beste, men ein sjukemeld kinostyrar måtte nett hentast for å rette opp i høgtalartilkoblingane slik at me fekk ordentleg lyd på Coco. Takk til publikum for forståing og tolmod.

facebook.com

Siste filmen i den spanande Maze Runner-sagaen, Dødskuren, går på kinoen i kveld kl. 19.00. (sensur 12 år). I den episke finalen til Maze Runner-sagaen leiar Thomas gruppa med rømte frå lysninga i labyrinten på det farlegaste oppdraget til no. For å berge venene sine må dei bryte seg inn i den legendariske "Last City", ein OND-kontrollert labyrint som truleg er den dødelegaste labyrinten av dei alle. Dei som klarar å komme levande ut, får svar på alle spørsmåla dei har hatt sidan dei først havna i labyrinten... https://www.filmweb.no/trailere/article1335254.ece

facebook.com

Coco, den nye fantastiske og fargerike animasjonsfilmen frå Disney Pixar går på kinoen i dag kl. 16.00. (sensur 6 år). Sjølv om familien hans i generasjonar har hatt eit gamalt forbod mot musikk, drøymer Miguel om å bli ein dyktig musikar akkurat som idolet sitt, Ernesto de la Cruz. Desperat etter å bevise talentet sitt, endar Miguel til slutt opp i det fantastiske og fargerike "Dei døde sitt land" etter ei rekke mystiske hendingar. Undervegs møter han den sjarmerande luringen, Hector, og saman legg dei ut på ei heilt spesiell reise for å finne den ekte historia bak Miguel sin slektshistorie. https://www.filmweb.no/trailere/article1339786.ece

facebook.com

facebook.com

Per Fugelli - Siste Resept, i kveld kl. 19.00. Samfunnet var pasienten hans, heile landet skrivebordet hans, og media konsultasjonsrommet hans. Som den kollektive fastlegen vår har han snakka i store, vakre bokstavar, og gjerne i krigstypar, om helsa vår. Samfunnsdebattanten og sosialmedisinaren Per Fugelli vart tett følgt det siste halvanna året han levde av filmskaparen Erik Poppe, og resultatet er eit særs personleg, tankevekkande og humoristisk portrett. "Per Fugelli - siste resept" er ein rørande, livsglad og sterk film om å leve for fullt til det heile er over. https://www.filmweb.no/trailere/article1345289.ece

facebook.com

facebook.com

Hei folk! I kveld kl. 19.00. kan de få med dykk den artige dramakomedien Downsizing med Matt Damon i hovudrolla! "Filmen er gjennomsyret av en herlig snurrig sjarm...Humoristiske detaljer finnes rundt hver en sving og spennende miljøer utforskes i et behagelig tempo, geleidet av selvsikker regi fra Alexander Payne...satiren fenger og science fiction-elementene er både spennende og tankevekkende." NRK Filmpolitiet Ein norsk vitskapsmann på jakt etter å løyse problema med overbefolkning oppdagar ein metode for å krympe menneske ned til 10 cm høgd. Paul (Matt Damon) og kona Audrey (Kristen Wiig) finn ut at livet deira vil bli mykje betre viss dei krympar seg sjølv. Men miniatyrtilværet skal syne seg å by på eit heilt nytt sett med problem… Delar av filmen er innspelt i Noreg. https://www.filmweb.no/trailere/article1337543.ece

facebook.com

facebook.com

Hei folk! Minner om framsyninga i kveld kl. 19.00., "Three Billboards Outside Ebbing, Missouri" (sensur 15 år). Ikkje gå glipp av denne! "Det skal godt gjøres å forbigå Woody Harrelson og Sam Rockwell i Dolby Theatre i Hollywood i Los Angeles når Oscar-prisene deles ut den 4. mars. Dette er likevel først og fremst Frances McDormands show. Aldri har hun vært bedre. Hennes Mildred utfordrer oss. Hun er en kvinne som har mistet det viktigste i livet og som bryr seg lite om hvordan samfunnet oppfatter hennes søken etter rettferdighet. Det er hennes sinne og vilje til å finne datterens morder som holder henne oppe. Til tross for at hun bryter lov og moralske grenser gir hun karakteren en sårbarhet og følsomhet i de mer introspektive øyeblikkene. Frances McDormand er nesten garantert en Oscar for rollen. Dette er mest sannsynlig en av de beste filmene du kommer til å se på kino i år." http://www.cine.no/incoming/article1346965.ece

facebook.com

7 Oscar nominasjonar til Three Billboards Outside Ebbing, Missouri! Sjå den i morgon, torsdag 25.01 kl. 19.00.!

facebook.com

Quiz