Top Local Places

Lærdalsmarknaden

Øyraplassen 7, Lærdalsøyri, Norway
Community Organization

Description

ad

Velkommen til Lærdalsmarknaden!
Laurdag 19.november 11.00-17.00
Julemarknaden bugnar av gode produkt og førjulsstemning!

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Stor takk til alle som gjer at me i Foreninga Lærdalsmarknaden kan invitere seljarar og gjester til Lærdalsøyri tre gonger i året! Takk til frivillige, sponsorar, tidlegare medlemmer av nemdi og ikkje minst støttespelarar frå andre lag og organisasjonar i Lærdal. Takk til Lærdal kommune for alle hjelp med å lysa opp den vakre Lærdalsøyri til julemarknaden I 2017 og stor takk for hjelp med sekretærtjenester i 2017. Utan all hjelp og velvilje hadde me ikkje kunne lage desse arrangementa.

facebook.com

Laurdag 25. november gjekk julemarknaden i Lærdal av stabelen med kring 40 seljarar, mykje folk, fint vêr og høg faktor av julestemning:-)

facebook.com

Stemningsfullt på Julemarknad i Gamle Lærdalsøyri i skumringstimen. Kl 17 syng Lærdal songkor julesongar frå Gamlebank tråppi 🎅🎅🎵🎶🎶🎵

facebook.com

Sporty Aud og Kristen Olav setter opp juletre i regnet! Me gler oss til tenning! 🌟❄️

facebook.com

«Du må eta graut for å bli stor og sterk», seier me gjerne til borna. Julenissen Johannes har ete sin del graut opp gjennom, og under julemarknaden sel han og hans gode hjelparar julegraut på Lærdalsøren hotell😀🎄

facebook.com

facebook.com

Smoltringbilen er på plass og Vidar har kokt ekstra mykje smoltringar til Julemarknaden 🎅!

facebook.com

Vêret er alltid eit spanande moment når ein skal halda utandørsmarknad i slutten av november! Me har vore gjennom ein kald, ufyseleg onsdag og ein relativt mild torsdag. No ser temperaturane ut til å stabilisera seg akkurat på plussida. Litt nedbør – men ikkje mykje – ser det ut til å bli fredag og natt til laurdag, men om lag når bodene opnar ser den vesle nedbøren ut til å gje seg. Og det er meldt ein lett bris. I skrivande stund er det også så vidt kvitt på bakken i sentrum med kvite fjellsider rundt. Med andre ord ligg det an til fint marknadsvêr med råmer som burde kunne gje julestemning – me berre kryssar fingrane for at det blir slik:

facebook.com

Berre tre dagar att, og sjå alt spennande du som marknadsgjest kan få kjøpt:

facebook.com

Marknad i Lærdal har røter tilbake til 1500-talet (minst), men me nyttar (relativt) moderne teknologi for å spreia den glade bodskapen😀

facebook.com

Dugnadsgruppa i 10.klasse på Lærdalsøyri skule skal selja julenek frå Per Øvrevoll på julemarknaden. Dei sel også kakao og gløgg og har eit flott julelotteri som går til inntekt til skuletur i juni.

facebook.com

Me minner om at Vivendi har førehandssal av billettar til konserten med Einar Bolstad og Indre Hafslo Spelemannslag Konserten går av stabelen fredag 24. nov klokka 19. Om du ikkje har høyrt Einar Bolstad syngja, kan du høyra han her (og dette er fem år sidan – no er stemma hans om mogleg enno betre):

facebook.com

Quiz

NEAR Lærdalsmarknaden