Kjerland Gardsbutikk
Description
Gardsbutikken er ope heile året. Kjerland Gardbutikk ligg i gardstunet på Kjerland i Nedre Granvin og vart opna i 1994, som ein av dei fyrste gardsbutikkane i landet. Før den tid var det også salg av eigenproduserte jordbruksvarer frå garden som eple, poteter og grønsaker . Garden er i full drift med epledyrking, spelsauhald,ved og forproduksjon. I gardsbutikken byr me fram eigenproduserte, lokalproduserte og norske matvarer + ved og diverse hageprodukt som jord, gjødsel, kalk.
I 1998 bygde me på ein blomeavdeling og kunne no tilby blomar heile året.
Tell your friends
RECENT FACEBOOK POSTS
facebook.comPhotos from Kjerland Gardsbutikk's post
Goveret fortsette og no er tida komen for å fylle bed, krukker og kar. Fine hageroser, krukkeplantar og sumarblomar :)
Photos from Kjerland Gardsbutikk's post
Og når liane grønka som hagar- når det lavar av blomar på strå -og når netter er ljose som dagar- kan han ingenstad venare sjå <3
Kjerland Gardsbutikk's cover photo
Plutseleg vårsumar :)
Timeline Photos
Sjølvhushald er tingen :) Me har for salg bærbuskar av mange slag.
Photos from Kjerland Gardsbutikk's post
Framleis heng vinteren kvit og fredeleg nedover Granvinsfjella, men nede i bygda gjer våren sitt travle inntog. Det er berre å gjere åkeren klar for no er SETJEPOTENA komne - både tidlege og seine sortar--Ring og ting :)
Timeline Photos
Påskeferien nærmar seg med sjumilssteg for oss her på gardsbutkken. Vanleg ope i morgo og til 14.00 på onsdag . Alle helgedagane og påskeafta er det heilt stengt. GOD PÅSKE :)
Timeline Photos
Har du lyst på Elstareple frå Hardanger til påske?? Stikk innom gardsbutikken då vel :)
Kjerland Gardsbutikk's cover photo
Velkomen Granne og vidreiste Gjest - - fyll Sekken far vel Heim og bjoda til Påskefest :)
Kjerland Gardsbutikk
God gamaldags gardskost
Photos from Kjerland Gardsbutikk's post
Helgasnop både inne og ute :)
Timeline Photos
Aukrust lagar grøn te for dine beste stunder :)
Timeline Photos
Fint med sundagsfri når skjora ryddar paset i frukthagen :) Berre det at fyringssesongen ikkje heilt er over for i år og røykt skjor er vel ikkje heilt å anbefale ;)