Top Local Places

Brandal grendehus

Almestadbakken 13, Brandal, Norway
Local Business

Description

ad

Brandal skule:

Planlegginga av bygget tok til i 1917 og skulen vart innvigd 28. juni 1919 med stor festivitas og laksemiddag for heile krinsen. Her var skule fram til 1968 då den nye skulen vart opna. Skulen vart i heile denne perioden også brukt som samlingshus for krinsen. Alle festar og 17. maifeiringar vart haldne her.

Brandal bedehus:

Brandal krins kjøpte bygget for å bruke det til bedehus. Ombyggingsarbeidet starta i 1969, og opningsfesten vart halden i april 1971.

Brandal bedehus/grendehus:

I 2011 vart vedtektene for bygget endra slik at huset vart kombinert bedehus og grendehus. Namnet vart endra til Brandal bedehus/grendehus.

Utleige til Brandal Friskule

Våren/sommaren 2011 vedtok Hareid kommunestyre å ikkje lenger leige ut skulebygget til Brandal Friskule. I tillegg vedtok dei å selje skulen og skuleområdet.

Friskulelaget inngjekk ein leigeavtale med bedehuset/grendehuset, og bygdefolket i Brandal sette i gong ein imponerande dugnad sommaren 2011. På rekordtid vart bygget oppgradert slik at det kunne stette krava til skulebruk. Friskulen tok så bygget i bruk hausten 2011.

I juni 2016 kjøpte Brandal Friskule skulebygget i Brandal og sa opp leigeavtalen. Friskulen leigde grendehuset ut oktober 2016.

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Photos from Brandal grendehus's post

Festsal nede dekka til 80 personar.

Photos from Brandal grendehus's post
facebook.com

Grendehuset vil rette ein stor takk til alle som tok del og bidrog på bygdefesten i går. Spesielt vil vi takke alle musikarane og dei lokale sangstjernene som stilte opp og gav festen eit kjempeløft.

facebook.com

Frå kl 14 til 16 i dag, selger vi Fåralao med focaccia og aioli til 50 kr pr. porsjon, for å ta med heim. Ta med bokser eller liknande til å frakte maten i.

facebook.com

Husk påmeldingsfristen til bygdefesten går ut i morga, 25.3😊

facebook.com

Photos from Brandal grendehus's post

Festsal oppe, pynta og dekka til rundt 50 stk.

Photos from Brandal grendehus's post
facebook.com

Ta i eit tak

Ta i eit tak
facebook.com

Photos from Brandal grendehus's post

Photos from Brandal grendehus's post
facebook.com

facebook.com

facebook.com

På årsmøtet 27. juni 2016 vart vedtektene endra, og eigedommen heiter no Brandal grendehus. Brandal Friskule flytta ut av bygget i august 2016. Bygget er difor attende i funskjon som grendehus.

facebook.com

Brandal grendehus's cover photo

Brandal grendehus's cover photo
facebook.com

Grendehuset har eit velutstyrt kjøkken med bysse og oppvaskmaskin. Det kan difor brukast til bryllaup, konfirmasjon, dåp, åremålsdagar og alle typer festdagar med eller utan matservering. I 1. etasje er der festsal med scene, piano og orgel. I andre etasje er der kjøkken og to rom med skyvedør mellom. Det er rullestolrampe frå parkeringsplassen og til inngangsdøra og rullestolheis mellom første og andre etasje. Det er ikkje alkoholforbod for slutta lag. Leigesatsar Brandal grendehus 1 Festsalen i 1. etasje per døgn kr. 1000 2 Salane i 2. etasje per døgn kr. 1000 3 Kjøkken per døgn kr. 500 4 Vask kjem i tillegg til leigesatsane ca. 400-500 kr 5 Leige under 4 timar halv pris 6 Års-/medlems-/styremøte for organisasjonar i Brandal gratis 7 Organisasjonar med regelmessige møte/øvingar etter avtale 8 Inntekter frå tilstellingar 15% av brutto minus loddbøker Rydding skal utførast av leigetakaren. Bortkomne og/eller knuste/skada ting skal erstattast av leigetakaren.

facebook.com

Quiz

NEAR Brandal grendehus