Top Local Places

Fysio-Pilates Eli Grøtta Giske

Burmavegen 5, Ålesund, Norway
Professional Service

Description

ad

Rolig treningsform med vekt på indre stabiliseringsmuskulatur i mage og rygg. Fokus på avspenning/holdning.Passer både for trente og utrente i alle aldrar. Fysio-Pilates, kva er det?
Pilates er oppkalla etter Joseph H. Pilates (1880-1967). Fysip-Pilates har oppgradert metoden i tråd med fysioterapifaget. Det er eit treningssystem med fokus på å styrke dei djupe rygg- og magemusklane og balanserer dei ulike muskelgruppene opp mot kvarandre. Ein jober med å løyse opp spenningar og gjer ser nytte av pusten når ein utfører øvingane. Viktige element i fysiopilates er avspenning, haldning, styrke og fleksibilitet. Du trener i ei lita gruppe og dette gjer at du får individuell rettleiing til øvingane.

Fysio-Pilates for kven?
Treninga passer både for godt trente og utrente, kvinner og menn, unge og eldre. Fysio-Pilates vektlegg ei trinnvis oppbygging med gradvis progresjon. Det gjer at metoden er eit godt reiskap også for den som har fysiske plager. Fysio-Pilates ønskjer å gi deg ei positiv treningsoppleving anten du er i god fysisk form, er utrent eller har plager med til dømes rygg/nakke/skulder.

Litt om meg som Fysio-Pilates-instruktør:
Eg har jobba som fysioterapeut sidan 1989. Fysio-Pilates-utdanninga tok eg i Bergen i 2008 ved Studie-Pilates, Nordisk institutt for Fysio-Pilates. I løpet av utdanningsåret måtte ein ha både eigentrening og praktisk utøving i ei gruppe. For å bli godkjent Fysio-Pilates-instruktør har ein både skriftleg og praktisk eksamen. Treningstimane foregår i det nyoppussa Kjernehuset og her ligg det til rette for ei god treningsform i ei god atmosfære.


Fysio-Pilates, kvar?
På øya Giske, 12 km frå Ålesund sentrum, finn du Kjernehuset i Burmavegen 5. Tidlegare har det vore butikk og postkontor. Det er no oppussa til eit særeige og heimekoseleg treningslokale. Møter du opp i god tid får du oppleve venteromstua frå 60-talet. Namnet Kjernehuset kan assosierast til den djupe indre stabiliseringsmuskulaturen som også blir kalla kjernemuskulatur. Dessutan ligg huset midt i kjernen på den runde øya. Du finn her ei fredeleg atmosfære prega av ro og konsentrasjon. Samstundes som du bygg opp kroppen, vil du kjenne at øvingane gir avspenning. Dette kan eit kjærkome "pusterom" i kvardagen.

Eit deltakarsitat: "No har eg lært kva eg sjølv kan gjere for å motverke ryggplagene mine."

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Er du klar for 13 kveldar med Fysio-Pilates? Velg mellom klokka 18 (bosuball) eller 19. Ta kontakt for meir info. Mobil: 45 42 54 93. Datoar : 2.5 , 4.5, 9.5, 11.5, 16.5, 18.5, 22.5, 24.5, 30.5, 1.6, 6.6 og 8.6.

facebook.com

Melding til de som no går eller før har gått på Fysio-Pilates: PÅMELDING til BOSUBALL-gruppa er i gang. Oppstart etter påske. Det blir 13 gonger. To gonger pr veke; tirsdag/torsdag. Dette blir eit "komprimert" kurs for å bli ferdig før sommaren☀️. Ta kontakt for meir info. Øvingar på bosuball er GØY, det gir balansetrening, ankelstabilitet og styrke av indre muskulatur. PS! Ein må ha tatt grunnprogrammet for å delta på bosuballgruppa.

facebook.com

Elevene forteller. Hvorfor Fysio-Pilates? Ta kontakt for mer informasjon :-)

Elevene forteller. Hvorfor Fysio-Pilates?  Ta kontakt for mer informasjon :-)
facebook.com

Vi er igang for 2017 ! Veldig kjekt at sååå mange deltek og kjenner utbyttet av desse gode øvingane. Fokus er : styrke kjernemuskulatur, kroppsholdning, kroppsbevissthet og avspenning. Like nyttig for menn som for kvinner. Ledig plass for 2 personar. Tirsdag/torsdag. Ta kontakt for info: 45425493

facebook.com

Fysio-Pilates på Giske

Klar for 2017? :-) Det blir GRUNNPROGRAM i Fysio-Pilates også denne vinteren. TORSDAGAR kl 20.30, på Giske. Ta kontakt på 45 42 54 93 for påmelding/ info. Små grupper. Oppstart allerede 5.januar. Tretten kveldar, ferdig til påske. Gler meg til å få vise gode øvingar til endå fleire !

Fysio-Pilates på Giske
facebook.com

Eg kan med glede informere om at det blir GRUNNPROGRAM også til våren : TORSDAGAR kl 20.30, på Giske. Ta kontakt på 45 42 54 93 for påmelding/ info. Små grupper. Oppstart : 5.januar. Tretten kveldar, ferdig til påske. Gler meg til å få meddele gode øvingar til endå fleire ! God jul til gamle og nye deltakarar 🎄

facebook.com

Etter jul blir det grunnprogram torsdagar kl 20.30. Ta kontakt for meir info. For 2016 er det desse datoane som står att : tirsdag 22.nov, 29.nov og 6.des. Torsdag 24.nov , 1.des, 8.des og 15.des. Mulig å ta att tapte timar. TAKK for alle påmeldingar vidare og kjekt at nesten alle fortsatt blir med ! Ønskjer dokke ei fin adventstid. Mvh Eli

facebook.com

Eg har fått avmeldingar i siste liten og har difor nokre få ledige plassar ( grunnprogram /vidaregåande ) Tirsdag og/eller torsdag. TA KONTAKT.

facebook.com

Gruppene er igang og det er kjekt å høyre fleire har sagt : "Det var godt å byrje på att no". Flott at så mange ville fortsette på vidaregåande kurs og kjenner at Fysio-Pilates gjer godt for kropp og sjel. Nokre set ekstra pris på fleksibiliteten ved å kunne bytte vekedag. Difor er det flott at eg får BESKJED når nokon er forhindra i å kome. Eg ser også med glede på at mange nye får sjansen til å erfare Fysio-Pilates. Eg gler meg til hausten og det er inspirerande å sjå progresjonen hjå den enkelte. Det er eit privilegium å få undervise i desse gruppene ! Enno er det råd å melde si interesse, for den som vil bli med i siste liten. Velkomen til Kjernehuset på Giske 😀. Mvh Eli Grøtta Giske, 45425493

facebook.com

5 ledige plassar på grunnprogram TORSDAGAR kl 20.30. Ring meg så tar me ein prat om kva Fysio-Pilates går ut på 😀. Mvh Eli Grøtta Giske, 45 42 54 93

facebook.com

PÅMINNING til alle deltakarar : kurskveld 1.9, 6.9 og 10.11 går ut og er ikkje rekna med i dei 14 x . INFO TIL ALLE INTERESSERTE : Vi har berre så vidt starta så : "Vil du vere med, så heng på"😀. Ledig på grunnprogram TORSDAGAR kl 20.30. Er du i tvil, kan vi ta ein prat om kva Fysio-Pilates går ut på 😀. Mvh Eli Grøtta Giske, 45425493

facebook.com

Pga stor pågang blir det ei til gruppe med grunnprogram : TORSDAGAR kl 20.30. Oppstart 25.8. Håper at mange denne hausten får oppleve at Fysio-Pilates "gjer godt for kropp og sjel" . Takk for alle "likes" og positive kommentarar 😀. Mvh Eli, 45 42 54 93

facebook.com

Quiz

NEAR Fysio-Pilates Eli Grøtta Giske