Krambua på Hersvik
Description
En side med info om hva som skjer på Krambua på Hersvik. Har du bilder som passer her må du gjerne dele de på siden her. Solund sogelag har vedteke ein langsiktig leigeavtale med eigar Jorunn Færøy på dei to sjøbuene i hamna på Hersvikbygda.Plan er å restaurere dei to sjøbuene (som også inneheld den gamle krambua på Hersvik) attende til slik dei såg ut i 1929.Pr i dag er det drift av krambua med diverse arrangement og sal av kaffi og vaflar + meir. Ein samlingsstad der folk kan sjå gamle ting frå Solund, som er knytte til kystmiljøet. Alt dette er drifta på dugnad og godt samarbeid. Det er ei eiga nemnd som styrer dette, den består av:
Jan Hagen, Inge Hugøy, Jorunn Færøy, Sigmund Tveranger, Bjørn Magne Hansen.
Tell your friends
RECENT FACEBOOK POSTS
facebook.comTimeline Photos
Årets basar som Jonsokblomen inviterte til på langfredag fylte det nyoppussa grendehuset til trengsel. Ei kjekk samling der folk frå fjern og nær velvillig opna lommeboka. Stunda var stor for fotografen som kunne vende heim med kake, tapetkniv og termos, -kan lukka bli større?
Timeline Photos
Krambua på Hersvik.. Fram til nyleg har arbeidet med restaurering av krambua vore styrd av ei nemd under Solund Sogelag. Dette er no overteke av Interesselaget for Krambua, som er ei frittstående nemd. Interimsstyret, som er valgt, vil i nærmaste framtid kalle inn til et skipingsmøte der vedtekter og utarbeida avtaler med eigar blir lagt fram. Planlagte sommarakteviteter: 24. juni jonsokfeiring. 29. juli Kaidag. Tidspunkt for åpning av laurdagskaffen er ikkje klarlagt endå.
Påskedans med Never Mind
Ja ditta e noko for oss alle så lat oss prøve å swinge oss litt.
Timeline Photos
Dagens påskenøtt,-Kva er det som skuler seg i sjøsprøyten og kor er det? Saksa frå f.b.sida til Jorunn Ingvaldsen, som og har fanga inn dette fine motivet.
Timeline Photos
Ei gladmelding frå Kulturminnefondet, kr 130.000,- er bevilga som stønad til å tilbakeføre taket på søre bua slik det ein gong var. I løpet av sommaren er forhåpentlig vis teglpannene på plass.
Timeline Photos
Det er ein vakker haust vi er velsigna med. Her et fint motiv som Jorunn Ingvaldsen har fanga inn frå ytre Solund. Ta med kamera og sjå etter det vakre i naturen og føl gleda over livet.
Photos from Krambua på Hersvik's post
Vi bere oss litt når det stormar som verst men postruta i ytre Solund med han Hans ved roret kvir seg ikkje å ta ut. Jorunn Ingvaldsen har fanga han inn i linsa på hans ferd der vest. Dette er det vi med rette kan kalle godt sjømannskap, han veit nok kva han gjer, opvoksen som han er med storhavet som nabo.
Photos from Krambua på Hersvik's post
Sommaren er på hell, laurdag den 6 august er siste dagen du kan få kjøpe deg kaffe og svele på Krambua for denne gongen. Krambunemda vil rette ei stor takk til alle som gjennom sesongen har stilt opp og lagt ned et stort frivillig arbeid for Krambua. Så får vi berre vente å sjå kva tida vil bringe, om vi makter å skaffe midla til vårt vidare arbeid for å restaurere bua til bakers til fordums prakt. Ei fargerik og god haust til alle våre venner her inne.
Timeline Photos
Atter en vellykka Kaidag er til endes, fram mot et 200 tals personer var innom og skapte ein festdag. Fiskekummen med alt det rare i, fisk og sjødyr av alle slag, var forvitnelig for dei minste. Medalje av edleste sort for dei av borna som viste navn på det meste var gjevt å få. Den store konkurransen i Vavottekasting fikk fram konkurranseinstinktet til både store og små. Audun Tveranger fikk opp et kjempekast på heile 41 meter og med det sikra seg tittel som Solundmeister 2016. Dette er og ny rekord med god margin. Av damene var det Merete Engelsen som smeldte til med et kast på heile 27 meter og med dette Solundmeister i sin klasse. I den yngre klassen var det Erlend Hersvik med 20 meter og Oda Hersvik med 15 meter som drog av med seieren i sin klasse, med Kasper Engelsen berre ei hårsbredde bak. Alle verdige Solundmeister i denne krevjande tevlinga som avslørte stor variasjon i kasteteknikker. Kjekt var det og for dei som berre sat ved buaveggen i det vakre sommarværet og meska seg med den gode rømmegrauten som Inge Hugøy serverte, eller dei velsmakande svelene som Alfhild Steinsøy diska opp med. Dette er et årlig arrangement som tar sikte på å samle bygdefolket og dei som har tilknytning til Solund, det er alltid godt å komme i sammen å mimre litt. Det er og et høve til å støtte opp om det arbeide som føregår med å restaurere den gamle handelsstaden, att interessa er stor viser den fine brutto summen som i år blei heile kr 15000,- ei stor takk til alle som møtte opp og ikkje minst dei som stilte opp til denne dugnadsjobben. Krambunemda vil og rette ei stor takk til Solund kommune som har oppført et nytt toalettanlegg på kaia, til glede for alle oss trengjande.
Timeline Photos
Her har Bodil fanga inn virvelvinden med loddboka. Her er det ingen som går klar uten å kjøpe lodd, takk til selger og alle kjøpere.
Untitled Album
Timeline Photos
Kven får dinna med seg heim på laurdag? Da ryktast at det er fleire som har lagt seg i hardtrening.