Tre Brør Kafé, Voss
Description
post@trebror.no
Opening hours restaurant:
Sunday-Wednesday: 10:00-19:00
Thursday: 10:00-20:00
Friday: 10:00-22:00
Saturday: 11:00-22:00
Sunday: 11:00-19:00
Opening hours bar:
Thursday-Saturday: 20:00-02:30
Dinner plans? Please make a reservation by calling +47 95103832
For bigger parties or other requests please contact post@trebror.no
Tell your friends
RECENT FACEBOOK POSTS
facebook.comLokala til Tre Brør er ledige og utleigar leitar etter potensielle leigetakarar. Tre Brør ynskjer å vera ein triveleg og uhøgtideleg plass for musikk, samtalar, matkultur og venskap. Me er glade i fest, men jobbar aktivt for ein sunn og ansvarleg drikkekultur. Tre Brør er i dag eit veletablert konsept med godt renomé, lokala består av ein kafé i 1.etg og ein bar i kjellaren. Det er også rom for å utvide konseptet ved å ta i bruk fleire av romma i Haalandshuset. Er du interessert i å drifte kafé og bar på Voss kan du gjerne ta kontakt med huseigar på tlf 91835326
Me held ope torsdag-laurdag og fortset redningsaksjonen for 3Brør. Torsdag er scenen rigga for jam og me held ope i baren Fredag og laurdag held me ope både i kaféen og baren, frå 20-03
Me held baren open følgende dagar denne veka: Torsdag 20.00-02.30 Fredag 20.00-02.30 Laurdag 20.00-02.30 🎉🎈🥂🍾🎈🎉
Takk til alle dei fantastiske menneska som kom og gjorde gårsdagen til den festaftenen det vart! Me ynskjer å retta ein stor takk til Yngve and his Boogie Legs og alle gjestane dei fekk med seg som haldt ein nesten 3 timar lang konsert for oss, før dj Lars og Anders dansa oss inn i seine natta!
I kveld vert det full jolefest på Haalandshuset. Me har henta fram våre edlaste dråper og byr på musikk, dans og drama, som seg hør og bør 2.joledag. Velkomen til fest 🎉🎉🎉
Kjære vener, me har i det siste slitt med å få hjula til å gå rundt på Tre Brør, og har hatt stengt nokre dagar. No dreg me igang eitt heidundrande romjulsprogram for å forsøka å redde kafeen og baren! Det vert full fest med masse lokale heltar på scena og god trykk i både kaféen og baren. Alle billettinntekter vil gå til å redde selskapet og bevare det me meiner er Voss sin beste uteplass. Me håpar så mange som mogleg vil vere med å forsøke å redde Tre Brør og ynskjer alle ei god jol. 2. Joladag vert det konsert med Yngve & His Boogie Legs m/ gjester og DJar etter konserten! Me opnar dørene kl. 20.00, bandet går på kl 22.00 og det kostar kr 200,- i døra! VEL MØTT!
Kjære vener, me har i det siste slitt med å få hjula til å gå rundt på Tre Brør, og har hatt stengt nokre dagar for å prøve å finne ei løysing på problema våre. Me gjer no eit forsøk i romjula og held ope så mange kvelder me får til. Det vert full fest med masse lokale heltar på scena og god trykk i både kaféen og baren. Alle billettinntekter vil gå til å redde selskapet og få betalt ned gjeld til kreditorar og løn til dei ansatte. Me håpar så mange som mogleg vil vere med å forsøke å redde Tre Brør og ynskjer alle ei god jol. Me legg ut ein event snarast, så snart opningstider og program er klart. Beste helsing frå alle oss på Tre Brør
Som dei fleste av dykk har fått med dykk i lokale nyheiter er det svært krevande å driva verksemd på Vangen. Me tek oss ein pust i bakken og stenger kaféen på ubestemt tid. Me håpar me finn ei løysing på problema, men me vil altså halde stengt f.o.m. 20. Desember. Ynskjer dykk alle ein fin og fredeleg ferie. 3Brør Leskebutikk held ope følgende tider denne veka: Onsdag 11-17 Torsdag 11-17 Fredag 11-19 Laurdag 11-18
Sjå kven me får besøk av i baren ikveld! DJ Lars speler frå ca. 22.30-seint(men ikkje seinere enn 02.30)!
I Leskebutikken får du no V60-dripper, filter og ein pose med kaffebønner til kr 395,-. Alt du treng for å kome igang med god, handbrygga kaffi heime! Ynskjer du eitt endå proffere oppsett, fører me eitt utval av kverner, serveringskanner, vekter og vannkokere m/hellekanne! Me deler meir enn gjerne både oppskrifter og bryggetips om det skulle vera ynskjeleg!
Det er enno ikkje for seint å bestille jolebord hjå oss. Ta kontakt for info og pris!