Top Local Places

Ulvik folkebibliotek

Maritastykket 3, Ulvik i Hardanger, Norway
Library

Description

ad

Ulvik folkebibliotek ligg sentralt i Ulvik.  I fine, lyse lokalar  er du velkommen innom for litt bokprat og boktips. Følg med her for arrangement.  På biblioteket finn du eit rikt utval av fag- og skjønnlitteratur, bøker for barn, ungdom og vaksne. Me tilbyr lydbøker, tidsskrift, aviser, CD`ar og DVD-filmar. Her kan du også nytta studierom og møterom eller lena deg attende i ein av våre gode lenestolar med ei bok i fanget.

Bøker, lydbøker og tidsskriftartiklar biblioteket ikkje har sjølv, kan skaffast frå andre bibliotek når de ikkje finn det hjå oss, og me kan reservera bøker o.a. som er utlånt og gje beskjed når dei er tilgjengelege.

Alle lån på biblioteket er gratis. Bortkomne eller skadde bøker og anna må erstattast. Ein må heller ikkje låne vidare bøker ein har lånt på biblioteket.

I katalogen kan ein søkja og reservera bøker og filmar. :http://websok.mikromarc.no/Mikromarc3/web/default.aspx?db=ulvik-fb&unit=6471
Dersom du loggar deg inn, får du oversikt over alle låna dine, som du og kan fornya.

Det er tilgang til trådlaust nettverk på biblioteket. Ein kan ta med sin eigen PC og nytta internett gratis.

Interessert i filosofi, livssyn og lyrikk? Då må du ta turen innom på Filosofisk onsdag ein gong i månaden. Følg med her på sida vår for oppdatert informasjon.


Ulvik Folkebibliotek samarbeider med Voss og Hardangerbiblioteka om tilskiping av litteraturkveldar, føredrag og borneframsyningar. Biblioteket har også eit tett samarbeid med Hauge-senteret i Ulvik.

Velkomen innom!

Theresa Wallevik,
- Biblioteksjef

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Velkomen til språkkafè i morgon mellom 13-15. Nye mottoet vårt: "Med språk kjem du i strok!"

facebook.com

Timeline Photos

No er det kome inn nye e-bøker i biblioteket. Korleis få tilgang? Sjekk ut www.elanhordaland for meir info.

Timeline Photos
facebook.com

Minnar om språkkafé i dag mellom 13-15!

facebook.com

Filosofisk onsdag: Martin Luther

For 500 år sidan spikra Martin Luther opp 95. teser mot avlatshandelen på kyrkjedøra i Wittenberg 31. oktober 1517. I år det ei markering av reformasjonsjubileum over heile verda. Luther sine teser utløyste det som enda i et skilje mellom den katolske kyrkja og dei protestantiske kirkesamfunna. Men reformasjonen var ikkje eit indrekyrkjeleg sak, den fekk djuptgåande konsekvensar for heile samfunnet i ei brytingstid. Reformasjonen kan seiast å vere starten på eit endra tilhøve mellom stat og kyrkje, og den utløyste ei rekkje samfunnsendringar som har prega den vestlige verda fram til vår tid. Luthers sin teologi berte i seg ei sprengkraft til å endre både kyrkje og samfunn, samt folk sine tilhøve til den kristne trua Kven var denne mannen som utløyste det heile, og som forandra verda med sine tankar? Kva var det med hans tankar og teologi som gjorde at dei hadde slik sprengkraft? sokneprest Ivar Bu Larssen vil innleie til samtale om Martin Luther og reformasjonen. Luther har framleis noko å seie oss, både når det gjeld å forstå vår kultur og menneskets forhold til Gud og seg sjølv. Ope for alle

Filosofisk onsdag: Martin Luther
facebook.com

Grunna ferieavikling er biblioteket stengt: Måndag 24.4. Torsdag 27.4.

facebook.com

Ulvik folkebibliotek's cover photo

Ulvik folkebibliotek's cover photo
facebook.com

Timeline Photos

Minnar om at biblioteket er stengt alle heilagdagar i påska. Siste frist for å låne med seg påskelektyre: onsdag 12/4!

Timeline Photos
facebook.com

Ulvik folkebibliotek's cover photo

Trur du påskeharen kjem til deg i år? Les ei gratis ebok frå biblioteket medan du ventar. Les meir på www.elanhordaland.no

Ulvik folkebibliotek's cover photo
facebook.com

Timeline Photos

Trur du påskeharen kjem til deg i år? Les ei gratis ebok frå biblioteket medan du ventar. Les meir på www.elanhordaland.no

Timeline Photos
facebook.com

Photos from Ulvik folkebibliotek's post

Språkkafe i dag mellom 13:00 - 15:00! Me vil gjerne ha fleire karar på besøk!

Photos from Ulvik folkebibliotek's post
facebook.com

Ulvik folkebibliotek's cover photo

Ulvik folkebibliotek's cover photo
facebook.com

Photos from Ulvik folkebibliotek's post

Påsken nærmar seg, har du lesestoffet klart? Lån ei e-bok på biblioteket då vel! Les meir på: www.elanhordaland.no

Photos from Ulvik folkebibliotek's post
facebook.com

Quiz