Top Local Places

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Naustbakken 7, Tyssedal, Norway
Museum/Art Gallery

Description

ad

Museum med tema vasskraft og industristad. Forvaltar det freda Tyssedal kraftanlegg og fleire andre interessante kulturminne. Fullt av fargerik historie. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum gir deg historia om vasskrafta vår og industrialiseringa av landet, med eit særleg blikk på Odda og Tyssedal. Gjennom utstillingar, filmar/bildespel, omvisingar og kulturelle opplevingar får du eit innsyn i den viktige vasskraft- og industrihistoria.
Julafta og nyttårsafta har vi ope til kl. 12. Påskedagane er det stengt.

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Fotograf Knud Knudsen. Permanent fotoutstilling på Tokheim

Knud Knudsen var ein av dei mest berømte fotografane i Norge. Han var fødd i Odda. Knud Knudsen døydde den 21. mai 1915. På Smelteverkstomta i Odda kan du sjå nokre av hans flotte foto. Ved Kolasteinen på Tokheim finns denne utstillinga:

facebook.com

Photos from Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum's post

Volvotreff i Tyssedal! I kraftstasjonen er det ikkje mange hestekrefter lenger, men i dag er det ein god del utanfor.

Photos from Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum's post
facebook.com

Stemning frå kraftstasjonen, godt undervegs i den trerettars middagen. Kveldens spanske gjester er glade og fornøgde!

Stemning frå kraftstasjonen, godt undervegs i den trerettars middagen. Kveldens spanske gjester er glade og fornøgde!
facebook.com

Timeline Photos

I morgon - laurdag 20. mai - samlast rundt 50 Volvo-veteranbilar i Tyssedal. Du kan sjå dei langs heile kaia bort mot kraftstasjonen. Her kan det bli eit nostalgisk gjensyn med ungdomstidas rånebilar for ei kvar aldersgruppa.

Timeline Photos
facebook.com

I nært og godt samarbeid med Tyssedal hotell førebur vi søreuropeisk storinnrykk i kveld - i Tysso 1, festlokale i særklasse!

I nært og godt samarbeid med Tyssedal hotell førebur vi søreuropeisk storinnrykk i kveld - i Tysso 1, festlokale i særklasse!
facebook.com

Timeline Photos

Opning 3. juni!

Timeline Photos
facebook.com

17. mai i Odda på 1950-talet

NVIM ynskjer ei god 17. mai-feiring 2017 med denne filmsekvensen frå 17. mai-feiringa i Odda rundt 1950. Kanskje nokon veit rett årstal?

17. mai i Odda på 1950-talet
facebook.com

Timeline Photos

Museet har mange arenaer, og Instagram er ein av dei. Om du brukar appen, kan du følgja oss på @vasskraftmuseet eller merka bilete med #vasskraftmuseet - Velkomen!

Timeline Photos
facebook.com

Photos from Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum's post

I anledning den internasjonale sjukepleiardagen deler vi ei fortelling frå Jangen sin blogg, frå då han hamna på sjukehuset i Odda: - På sjukehuset kom fleire til, alle var kvitkledde. Eg spurte ein av mannfolka kva han var. Jo, han var lege, kom frå Tyskland. Ei dama var svensk sjukesøster, ein yngre mann snakka gebrokkent – han var frå Iran, ein annan snakka endå meir gebrokkent, han var frå Tyrkia. Ei sjukesøster var innom og spurte om noko på dansk og eg lurte på kven dei alle venta på. Eg fekk ikkje noko svar for akkurat då kom ei kvinna inn som såg ut som ho var 19 – 20 år. Ho var overlege på medisinsk og heitte Jelena. Ho var frå Bosnia. Eg var lettare språkforvirra då ei ung sjukesøster kom bort til meg, og sa rolig: «Og eg heite’ Halldis og e’ fra Brucehagen.» Då slappa eg endeleg av....

Photos from Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum's post
facebook.com

Det Norske Solistkor i Kraftkatedralen.

Dei musikalske konferansierane under Kongen og Dronninga sin festmiddag i Operaen denne veka, Det Norske Solistkor, skal leike seg med klangen i kraftstasjonen. Vi ser fram til ei fantastisk oppleving! Vel møtt!

Det Norske Solistkor i Kraftkatedralen.
facebook.com

Timeline Photos

Turen til Lilletopp (ca. 30 min gange) er ei flott oppleving, med eventyrleg utsikt heile vegen. Og til sommaren blir det servering i voktarboligen, omvising i tunellane og bildespel i fordelingsbassenget. Det gler vi oss til!

Timeline Photos
facebook.com

Timeline Photos

Bygg- og anleggsavdelinga jobbar iherdig med kulturminna våre. Jan Rune Næss har starta dagen med høgst nødvendig murararbeid på Tysso 1 kraftstasjon.

Timeline Photos
facebook.com

Quiz

NEAR Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum