Stranda vidaregåande skule
Description
Dette er Stranda vgs si offisielle side på Facebook. Studietilbod innan utdanningsprogramma Idrettsfag, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Studiespesialisering og Teknikk og industriell produksjon.
Toppidrettstilbod i langrenn og freeski (jibbing)
Tell your friends
RECENT FACEBOOK POSTS
facebook.comLedig stilling som elevassistent :-) https://rekruttering.mrfylke.no/recruitment/jobid/3393?2
RESTAURANT OG MATFAGELEVANE VED STRANDA VGS YNSKJER DEG VELKOMEN TIL BUTIKKDAG !
Ein forrykande iskremkokkekamp gjekk av stabelen på Stranda ungdomsskule torsdag ettermiddag, der rundt halvparten av skulens 10. klassingar deltok. Vi kjem tilbake neste torsdag 😃
Ungdomsbedrifta nICE UB arrangerte i dag iskremkokkekamp for 10. klassingane ved Valldal skule. Torsdag står Stranda ungdomsskule for tur.
Isak som gjekk ut som russ frå Stranda vgs. for eit og eit halvt år sidan, skal til OL i Pyeongchang. Han representerer Island, og stiller på sprinten i langrenn 13. februar. Vi følger med og ønsker lykke til..!! http://www.andalsnes-avis.no/nyheter/2018/01/24/Isak-fra-V%C3%A5gstranda-er-tatt-ut-til-OL-15961750.ece
Ungdomsbedrifta nICE UB er i gong med å arrangere sine «Isbattles» for 10. klassingar på lokale ungdomsskular. Dette er ein iskremkokkekamp, der klassene blir delt opp i grupper som konkurrerar om å lage den beste iskremen. Først ute var klassene 10C og 10A ved Sykkylven ungdomsskule på tysdag. Torsdag (10D) og fredag (10B) får resten av Sykkylvselevane prøve seg. Deretter står skulane i indre Storfjord for tur. nICE UB sin eigenutvikla iskrem, som både er laktosefri, glutenfri og utan egg, blir å finne i lokale butikkar i slutten av januar.
Søknadsfristen for vidaregåande utdanning for skuleåret 2018/19 er 1. mars. Denne fristen gjeld også for 2. og 3. klassingar som ønskjer å bytte utdanningsprogram eller skule. Om du søkjer Vg2 eller Vg3 Studiespesialisering ved Stranda vgs har du moglegheit til å velje faga Entreprenørskap og bedriftsutvikling 1 & 2 ved eit av landets fremste entreprenørskapsprogram, og du kan samtidig velje eit av tre idrettsfag som programfag: Breddeidrett, Toppidrett eller Friluftsliv.
God jul og godt nytt år!
Siste skuledag før jul: Underhaldande volleyballturnering i hallen og juleavslutning med julegraut og mange flotte programinnslag i aulaen. No er vi klare til velfortent juleferie. Vi ønskjer alle god jul og godt nytt år!
Elevane på Restaurant og matfag har jobba iherdig med varer til butikken vår! Alle er hjarteleg velkommen torsdag 30.11 frå 12 -16.
Tysdag 14. november var skuleårets første hospiteringsdag for 10. klassingar ved Stranda vgs