Top Local Places

Steinstø Frukt- og Kakebu

Fyksesundvegen 768, Steinstø, Norway
Restaurant

Description

ad

Me opnar Kakebua igjen i juni 2018 Like ved riksveg 7, turistvegen gjennom Hardanger, ligg Steinstø Fruktgard. Me gler oss over å by på kvalitetsfrukt og -bær, heimelaga eplesaft, syltetøy og gelear, smurde lefser, eplekaker og mangt anna godt. Me har kafé og utsal – Steinstø Frukt- og Kakebu – ved riksvegen, og gardsrestauranten Kjedlaren i gardstunet. Dessutan tilbyd me ulike aktivitetar for store og små.

På garden bur bonden Ola Steinstø og sambuar Ruth. Dei har fem born. Kårfolket, Turid og Arnvid Steinstø, bur eit steinkast unna. Dei er uunnværlege i gardsdrifta.
Heidi Steinstø Helgheim, syster til Ola, har òg sitt daglege virke på garden. Ho driv gardsrestauranten Kjedlaren og Steinstø Frukt- og Kakebu.

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Er du ute i siste liten med presangkjøp? Me har framleis mykje godt å by på! Høvelege presangar til den som har alt. Stikk oppom oss på garden i Steinstø, eller ring for å avtala levering i Øystese eller Norheimsund 😊

facebook.com

Vil du ha jolapresang til den som har alt? Eller noko godt til deg sjølv til jol? Dette er litt av det me kan tilby. Til helga kjem me til Voss og kan levera dersom du har bestilt innan fredag klokka 11.00. Send melding her eller ring Ola på 92252637😊

facebook.com

Me kjem til Kolltveit på Sotra torsdag 30.nov😊 Du finn oss i Kolltveitvegen 54 (gamle sykkelbutikken) frå klokka 15.00-17.00. Me har med oss mykje godt til jul: Mykje gode lagringseple, eplemost, kaker, lefser, syltetøy og julekaker/ kjeks. Kanskje finn du julepresangar her?

facebook.com

Me pakkar i bilen og gjer oss klar til Fana husflidslag si julemessa i helga. Du finn oss ved inngangen til Bjarg hallen frå 10-16 ii morgon og 11-16 på sundag👍

facebook.com

Har du byrja å tenkja på julebaksten i år? Dersom ikkje kan du ta den lettvinte varianten og kjøpa av utvalet vårt. Her er det me tek med oss av julekaker og kjeks til Stend i helga😊

facebook.com

Våre gode medarbeidar Kati og Amanda er i full gang med å laga årets julekaker 🌟✨💫

facebook.com

Me deltek på Fana husflidslag sitt julemarked i Bjarghallen på Stend til helga. https://www.facebook.com/events/2004265479853088/ Kjem du?

facebook.com

Har du lyst på harde, friske Hardangereple? Me plukka dei siste epla i går og har framleis mykje godt på lager, som t.d: Summerred, Gravenstein, Ingrid Marie, Karen Schneider, Aroma og Elstar.😊 Ta turen til Steinstø eller ring og bestill (tlf 92252637) for seinare henting. Me kan lagra juleepla dine på vår kjøl👍

facebook.com

Me kjem til Sotra i morgon med frukt, bakst og syltetøy😊 Me står på Kolltveit ved gamle sykkelbutikken frå 15.00 til 18.00. Lurer du på noko, ta kontakt med Ola (92252637) eller Heidi (99691527)👍

facebook.com

Haust og sesongavslutning i Kakebua i morgon! 🍁🍂 Me tilbyr svinesteik med poteter og sopp/ løkblanding til middag frå klokka 13.00 til 17.00. Til dessert har me Pannacotta med bringebær. Velkomne til siste middag i Kakebua for i år😊

facebook.com

Det har vore ein del grå og regnfulle dagar i det siste. Men dei flinke og blide arbeidarane våre, Bart og Daniel, lar seg ikkje stogga av dårleg vestlandsvær. Og godt er det! Det er framleis over to veker igjen med innhausting. Hugs at me har våre siste opningsdagar i Kakebua: Fredag og laurdag klokka 11-17, sundag 11-18.

facebook.com

I morgon serverer me kjøttkaker til middag. Tilslørte bondepiker til dessert. Kombiner gjerne middagsbesøket med frukthandel. Mykje godt av både eple og pærer no😊

facebook.com

Quiz