Gloppen folkebibliotek
Description
Leseglede! Leseglede! Uavhengig møteplass. Arena for offentleg samtale og debatt. Gratis. Tre stader: Sandane (Trivselshagen), Byrkjelo & Hyen. #GloppenBibl
Tell your friends
RECENT FACEBOOK POSTS
facebook.comVisste du om alle desse solide ordbøkene over det norske språket? 1) Nynorsk og bokmålsordboka, tilsvarer 1 bind kvar: http://ordbok.uib.no/ 2) Norsk ordbok, over det norske folkemålet og det nynorske skriftspåket. Tilsvarer 12 bind, der i-å er på nett: http://no2014.uio.no/ 3) NAOB, Det norske akademis ordbok. Bokmål og riksmål. Tilsvarer 12 bind, nettopp ferdigstilt:
Så moro med #1bokimånaden2018 !! Her er nokre fine bidrag som kom inn for januar, der vi skulle lese ei bok med kun eitt ord i tittelen. Tusen takk @eaarevik @holmea og @hege.lothe ♡♡♡ Kven er med på februar? No skal vi lese ei bok som har blitt til film. Del gjerne med oss og bruk emneknaggen #1bokimånaden2018 (Instagram)
Lesegledar i barnehagen er og fint! Her er det ungane i Hyen barnehage som vert kjent med lesegledar Gunn og barnehagemostreret Raur
I Gloppen hadde vi besøk av Lesegledar Gunn Dale Tufte sist veke.Ho var på besøk til 9. trinnet. Det var ei flott oppleving! Gjennom presentasjonen sin av 9 aktuelle bøker sette ho fokus på menneskeverd og det å bry seg om andre.
Lese- og leikestund på biblioteket Kan det runde rom på biblioteket i Trivselshagen omskapast til ein jungel? Med jungeldyr? Barnebibliotekar Ann-Kristin Hovstad vil lese om dyr, t.d. frå boka «Se opp for krokodillen»» av Lisa Moroni - om Tora som skal ut i skogen og sove i telt. Både barn og vaksne kan få helse på Ormen Gorm, Krokodilla og Elefanten. Med ei god historie og med leik kan ein sjå kva ein får til i lag. Bli med på turen! Lesestunda passar best for barn frå 3 til 6 år, og varer om lag ein halv time. Arrangementet er ein del av Vinterfest 2018. Gratis.
Moro for liten og stor i Dagsturhytta med det vesle biblioteket. #leseglede #trivselsskogen #draumekvila #dagsturhytta #nynorsksamling
Interessert i bil og bilkøyring? Med PressReader får du tilgang til 266 magasin om bil og andre motoriserte køyretøy. Blant bilmagasina finns òg inspirasjon til den eventyrlystne: I regi av eit TopGear-magasin kan du t.d. bli med på biltur til Vestlandet og Lærdalstunnelen i ein liten Dacia Sondero. Om du vil ut av Noreg, kva med å køyre ein Ferrari 488 gjennom Sør-Italia eller ein Honda S660 i Tokyo? Les om dette og mykje meir via PressReader. Besøker du bbiblioteket får du digital tilgang til aviser og magasin frå heile verda heilt gratis. Bruk ditt eige nettbrett, pc eller smarttelefon og fordjup deg i ei mengd spennande magasin og aviser utan å abonnere! Kom i gang her: http://blog.pressreader.com/use-pressreader
Sjå om du finn barna dine sine favorittar på topplista for 2017 📚 Kva les du for dine barn no? Kva les barna sjølve? Skriv i kommentarfeltet.
Klar for ei leseutfordring i 2018? Biblioteket utfordrar deg til å lese ei bok kvar månad, og ikkje kva bok som helst. I januar les vi: Ei bok med tittel på kun eitt ord. Bli med! Ta bilde av boka du les, legg på emneknagg #1bokimånaden2018 og tagg @gloppenbibl. Vi trekk vinnarar når året er ute, og delar gjerne nokre bidrag undervegs. #lesekonkurranse #leseglede #lesetips Takk til Sarpsborg bibliotek for inspirasjon!
Sjekk om nokon av dine favorittar er på topplista 😊 Kva for ei bok les du for tida? Gje ditt tips i kommentarfeltet 📚
I dag starta oppkøyringa til P2-lytternes romanpris, med presentasjon av dei to første bøkene: Byens spor, av Lars Saabye Christensen Berge, av Jan Kjærstad. Anbefalast! 📚🤩 Her er det første programmet: