Top Local Places

Sagvåg skule

Fitjarvegen 120, Sagvåg, Norway
School

Description

ad

Velkommen til Sagvåg skule på Facebook!

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Silje og Linnea var førstesideoppslaget i Sunnhordland i dag. 5.klasse er vår pilotklasse der kvar elev får sin eigen Cromebook. Les meir i Sunnhordland

facebook.com

Bokstavfest i 1.klasse: Førsteklassingane har vore gjennom alle bokstavane, og i dag hadde me bokstavfest i klasserommet. Me hadde mange ulike aktivitetar der me kunne leika med bokstavar og me åt bokstavbollane me laga førre fredag. Det er så gøy med alle dei ulike orda som dukkar opp når me set bokstavane saman, både tøyseord og ordentlege ord. No tek me vinterferie med mange bokstavar i hovudet og i magen :) http://www.sagvagskule.no/bilete-2018/b-feb-2018/2018-02-16-1kl/ Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

facebook.com

Har ditt barn krav på skuleskyss? Les meir her: http://www.sagvagskule.no/farlegskuleveg.htm

facebook.com

Ein ny Carlsen? Etter at alle elvane på mellomsteget og i småskulen var ferdige med sine sjakkrundar, var det i dag klart for den siste kampen. Finalistane i sjakkfinalen blei mellom to elevar i 6.klasse, Krizander og Johannes. Kampen kunne elevane på mellomsteget sjå på storskjerm i amfiet. Dei var flinke tilskodarar og var rolege under den spennende finalekampen. Det var ein jevn kamp, men Krizander vann til slutt. Begge elevane fekk ein premie som passa; eit sjakkspel til kvar. Tekst & foto: Kjell Byrknes

facebook.com

2.klasse sine bamsar som dei laga sjølv☺️bamsene skal få vera med heim og ta vinterferie snart.

facebook.com

Lesestund og grilling i med 1. og 3. klasse: 3. klasse elevane leste bok for 1. klasse. Etterpå kosa me oss ute me aking og steikte fiskekaker på bål. www.sagvagskule.no Tekst & foto: Laila Gjøsæter og Gro Halvorsen

facebook.com

Finalerunden i sjakkturneringa er i gang! I skrivande stund kjempar fjorten elevar frå 3. klasse – 7. klasse om å gå vidare til den store finalen. Kven klarer å halde nervane i sjakk og holde ut til siste sekund? Følg med vidare........ www.sagvagskule.no Tekst & foto: Ingeborg Toft Nerland

facebook.com

Samane sin dag: I dag har me markert samane sin dag som er 6. februar. Me har lært om korleis nokre av samane lever, om flagget deira og høyrt på joik. Og me har klippa oss fine papirdukker med fargerike kofter. www.sagvagskule.no Tekst & foto: Ingrid Kvernenes Misje

facebook.com

Sjølv om Nysæterbassenget såg perfekt ut, så vart det ikkje symjeopplæring då det var for høge klorverdiar i vatnet. Lars Bakka

facebook.com

Les for meg om prinsesser og troll👸⚜️🧟‍♂️ 4. klasse har hatt eventyr som tema og i dag på lesestund saman med 1. klasse, las elevane eventyr for 1. klassingane📖 Etterpå ble det tid til litt spel. Ei koseleg stund😊

facebook.com

I dag har 2,3 og 4 klasse starta med leseveker. Her er frå stasjonen «Lesemeister». Dette er ein kjekk nettside med lydbøker. Dei har også tilgong til dei heime. Elevane koste seg med å lytta til boka si. http://www.sagvagskule.no/bilete-2018/a-jan-2018/2018-01-30-lesemeister/ Tekst & foto: Turid Gjellestad

facebook.com

I dag har SFO hatt stafettar i gymsalen. Me fann ball og delte opp i lag. Alle var engasjerte og synes dette var gøy! Me hadde også litt samarbeidstesting der me måtte konsentrera oss godt! Me kom oss over til andre sida i gymsalen! Litt av eit teamwork! http://www.sagvagskule.no/bilete-2018/a-jan-2018/2018-01-30-sfo/ Tekst & foto: Elisabeth Magnussen

facebook.com

Quiz

NEAR Sagvåg skule