Top Local Places

Coaching at Teaterart

Bølstadtunet 7, Oslo, Norway
Personal Coach

Description

ad

Eg tilbyr deg hjelp til sjølvhjelp: samtaletid, gode spørsmål, praktiske handlingsteknikkar, mi støtte i din prosess og i ditt tempo. coaching@teaterart

Org.nr. 887283362

Opplever du at du står fast i situasjonar i livet ditt, at du treng eit lite puff frå nokon utanifrå? Treng du hjelp til handling for å koma vidare? Eller du veit ikkje heilt kvar vidare er?
Skal du på jobbintervju og skulle hatt litt trening før sjølve intervjuet?
Har du ein vanskelig samtale framfor deg, med for eksempel sjefen, familiemedlem eller ein ven?
Skal du på audition, og treng  litt hjelp før den store dagen?  Sceneskrekk?
Ønskjer du meir bevisstgjering i ditt eige liv?  Takler du alle rollene du har i kvardagen?
Ønskjer du hjelp til å utvikle deg og til å nå ditt potensiale?

Eg kan gje deg:
-Samtaletid
-Praktiske handlingsteknikkar
-Mi støtte i din prosess og i ditt tempo

Samtaletid:
Samtaletid, med meg, der fokuset er på deg.

Praktiske teknikkar/verktøy for å nå dine mål:
Her brukar eg ulike coaching-teknikkar/verktøy, som for eksempel rollebyte, dublering, spegling, fremtidsprojeksjon, m.m., til å hjelpa deg til å nå dine mål. Eg stiller deg gode, opne spørsmål som du er tent med, og som får fram det beste i deg.

Mi støtte,  i din prosess og i ditt tempo:

Eg er der for deg, og eg følgjer deg, på din veg og i ditt tempo. ( Og )det er kun du som bestemmer din veg!

Resultat:  
-Bevisstgjering
-Forandra sinn
-Nye idear
-Sunn sjølvkjensle
-Auka meistringskjensle
-praktisk plan
-GLEDE

Kva kan eg som gjer at eg kan hjelpa deg?

Forutan å væra utdanna Pykodramatikar og gruppeleiar/coach, er eg utdanna regissør/skodespelar, og eg har og spes ped.
Eg har lang fartstid i teaterlivet som regissør, gruppebyggjar og skodespelarcoach.  
Eg har og mykje erfaring som coach/gruppeleiar i ulike grupperingar, som for eksempel næringslivet, private sjølvutviklingsgrupper, teatergrupper,  i ein-til-ein coaching og i organisasjonar.

Eg  brenn for å vera med å bygga på det positive i eitkvart menneske, og eg vil vera audmjuk og entusiastisk i møte med deg.  Eg gler meg til å jobba med DEG!


Praktisk info:
Eg kan ta imot deg, i eit stort deiligt rom i
Bølstadtunet 7, på Spikkestad.  Eigen inngang og fasilitetar

Eg kan og tilby coaching på skype eller facetime!

Ta kontakt på 41617430, eller coaching@teaterart.no,  for timebestilling eller om du har noko du lurer på

Prisen er kr. 1400,- for inntil 90 min, fom 01.12.2017, for personcoaching.  

Kven høver dette for?  For deg som ynskjer å nå ditt fulle potensiale som menneske

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Den følelsen når coache kjem med denna og seier: «Jeg har på følelsen at du liker dette veldig godt...». Ingen sak med tre coachinger på rad, med denna nødprovianten😜 Tuuuusen takk🙏🏿❤️💃🏾

facebook.com

When the coache leaves the building, I fly high. Today it was corporate. Nothing better than helping someone helping themselves. Wanna know more about this very efficient method, please don’t hesitate to contact me. #coaching #psykodrama #psychodrama #corporate #corporatecoaching #dtavis #rhavis #drammen #sandvika #asker #buisnesswoman #taramagasin #kvinneribusiness

facebook.com

På coachingrommet har eg i dag jobba med bla «tom stol»- øvelsen, med fleire småbedriftseigarar. «Tom stol»-øvelsen, er eit verktøy som eg bruker mykje i coaching, for å ta eit eksternt perspektiv. Om det var du som skulle gje deg sjølv eller di bedrift eit råd om forbetring for 2018, sett frå utsida, kva er rådet?

facebook.com

Takk for invitasjonen til å halda foredrag. Eg gler meg🙏🏿

facebook.com

Kun ein ledig plass igjen;) Velkomen!

facebook.com

Kjære alle coachear, følgjarar og andre interesserte! Lag deg eit 2018 etter ditt ❤️ For ein pangstart på det nye året det har vore for Coaching at Teaterart. Ikveld har eg hatt besøk av landets største dameblad, TARA. Takk til dei fantastiske damene som stillte opp på workshop ikveld, då journalistane var her. Neste onsdag ( 10.01) brakar det laus med den fyrste workshopen dette året, og det er kun 1 ledig plass. Er det du som skal vera med? Det tikkar inn med bestillingar på ein-til-ein coaching, og det er fleire nye samarbeidspartnarar/prosjekt på trappene mot næringsliv og organisasjonar. Eg er audmjuk og takksam for alle gode og ambisiøse mennesker eg møter på min veg. Og, hugs at TRYGGLEIK kan ofte være målet, og med SPONTANITETSTRENING som middelet så kan me koma veldig langt . Velkomen til Coaching at Teaterart. Ta kontakt på 41617430 eller coaching@teaterart.no Beste helsing, Tone Aas Skålevik

facebook.com

Kjære coachear, framtidige coachear og andre interesserte! Tenkte eg ville ynskja alle ei fin tid framover no, og sei eg vonar for oss alle at me hugsar det som er viktigt: Å ta vare på oss sjølve og vår eiga sjølvkjensle, slik at me klarar å gje noko til dei me er glade i og til andre som treng noko ekstra. Viss du treng julegåver, så sel eg gåvekort på coaching. Ta kontakt i pm eller på coaching@teaterart.no Bilete her er teke frå ein fotosession ifm ein artikkel som kjem i eit vekeblad... Artikkelen handlar om Coaching at Teaterart, psykodrama som metode og korleis det funkar. Det har vore ein ekstremt spennande haust her, med voldsom pågang med coaching, coaching for næringslivet og for ulike organisasjonar. Tusen takk til alle eg har fått jobba med i haust, og eg ser fram mot meir. Nokre ledige timar før jul. Velkomen! Beste helsing, Tone Merethe Aas Skålevik, Coaching at Teaterart

facebook.com

Må dele: «God kveld🌸 Er faktisk bare nødt til å takke deg litt. Du har hjulpet meg mer enn du aner og for første gang på flere år begynner jeg faktisk endelig å ha litt trua på meg selv og mitt. Uten hjelpen din aner jeg ikke hvordan ting hadde vært. Du er virkelig flott å ha! 🌸🌸 I dag har vært en skikkelig "blåmandag" men Fyfader for første gang har jeg taklet ting - akkurat som du har lært meg ❤️ setter bare så ufattelig stor pris på hjelpen din! Stor klem fra......... « Eg blir rørt og audmjuk av slike tilbakemeldingar som tikkar inn, og det å få hjelpa so mange fantastiske mennesker er drivkraften min. Glad og stolt coach her. TUSEN TAKK🙏 Tone Aas Skålevik Coaching at Teaterart

facebook.com

Kjære alle flotte damer! Gje deg sjølv ei julegåve som kan vare lenge. Velkomen til workshop for damer som innehar ein eller fleire av dei følgjande rollene: kjæreste, sambuar, kone, ven, mor, stemor, syster, dotter, tante, svigerdotter, svigerinna, ansatt, eigen næringsdrivande, kollega, sjuk, uføre .... Kvar og ein av oss innehar fleire ulike roller i livet vårt. Tykkjer du det kan vera vanskeleg å finna ut kven av rollene som gjev deg positivt påfyll og kven av rollene som tappar deg? Ynskjer du å verta meir bevisst på dette i kvardagen din? Og det aller viktigaste: Ynskjer du å verta meir bevisst på kva som er dine ressursar – dei som kan vera med på å auka livskvaliteten din? Velkomen til workshop på Coaching at Teaterart. Tid: Onsdag 10.01-2018, kl. 17.30-max 22.00 Kun 10 plassar Pris: kr. 950,-, inkl. te og snacks Bindande påmelding til: coaching@teaterart.no, og evt spørsmål i pm eller på 41617430 Eg gler meg, og velkomen skal akkurat du vera! Beste helsing, Tone Aas Skålevik Coaching at Teaterart

facebook.com

Stor stas for meg og❤️🙏🏿

facebook.com

Coaching at Teaterart var innleigd som gruppebyggjar og coach, på prosjektet: "StartuppHallingdal". Veldig kjekk jobbing, med flotte grundara, der målet var ein pitch-konkurranse.

facebook.com

Kjære coachear, framtidige coachear, følgjarar og andre interesserte! Korleis har sommaren din vore? Er du utkvilt, eller treng du ferie etter ferien? Eg har hatt ein ekstrem begivenhetsrik ferie, der eg har vore på reisefot i inn og utland i fleire veker. Eg kjende at etter ferien så trengte eg eigentleg å slappa litt av og liggja litt på lading. Slik gikk det ikkje, da pappa døydde rett etter ferien var over. Då kjendte eg at eg var veldig glad for å ha med meg nokre knallgode verktøy i mitt personlege verktøyskrin, og at eg visste kva eg måtte gjera mellom slaga for å ikkje bli utsleten. Veit du kva du treng når du kjem i ein ekstremsituasjon? Har du gode verktøy i ditt personlege verktøyskrin? Det er tydeleg at desse verktøya funkar for mange andre og, og du er hjarteleg velkomen til coaching. Coaching at Teaterart har ein spennende haust framfør seg, med næringslivscoaching i bla Hallingdal, og ”Jeg er Bra Nok” kurset, som skal på turne i Noregs land. Viss du har lyst å prøva eit ”Jeg er Bra Nok” kurs, ta kontakt så kan me setja deg opp ift datoer som passar. Viss arbeidsplassen din, organisasjonen eller dameklubben din ynskjer hjelp til gruppebyggjing, coaching eller eit eige ”Jeg er Bra Nok” kurs, så ta gjerne kontakt, på 41617430 eller på Coaching@teaterart.no. For personcoaching, så står den rosa stolen og rommet klart, og du er hjarteleg velkomen, enten tilbake eller for fyrste gong❤️ Lag deg ein fin haust, så lenge! Beste helsing, Tone Aas Skålevik Coaching at Teaterart

facebook.com

Quiz

NEAR Coaching at Teaterart

Obs

Oslo, Norway
Specialty Grocery Store

IKEA

Oslo, Norway
Furniture Store