Hå folkebibliotek
Description
På Biblioteket i Hå kan du låne bøker,tidsskrift, språkkurs, trådlaust internett, lydbøker, DVD, spel, og mykje anna heilt gratis!
Tell your friends
RECENT FACEBOOK POSTS
facebook.comI dag starta kodeklubben opp igjen - og det vert endå to torsdagar til med koding før påske! Har du aldri gjort det før, eller var du med tidlegare i haust? Uansett så er du velkommen til koding på biblioteket!
Workshop i vinylkutting lørdag 17 mars kl 11.00. Alle får kvar sitt handlenett til å dekorere. Ta gjerne med eigne plagg, om tida strekk til kan du lage fleire trykk. Ta med eigen berbar pc + mus. Last ned programmet Siluette Studio på www.silhouetteamerica.com/software før du kjem. For alle. Barn under 12 år i følgje med vaksne. Gratis! Påmelding til bibnar@ha.kommune.no. Få plassar. Støtta av Rogaland fylkesbibliotek
Om filmen: Karsten og Petra drar på teater med barnehagen. Etterpå har de skikkelig lyst til å lære seg hvordan man lager teater. I barnehagen hører Karsten og Petra om et barnehjem i India som ikke har elektrisitet. Da får de en god idé: De vil samle inn penger til barnehjemmet ved å lage en teaterforestilling. Filmen varer 1 time og 18 min. Tillate for alle. Gratis.
Sy-workshop med Monica frå symesterskapet (NRK) er i full gang på biblioteket på Nærbø - utruleg gildt!
I dag er det Morsmålsdagen! I biblioteket har me bøker på mange ulike språk, både for barn og vaksne.
Velkommen til bibliotekkino i vinterferien! Me viser film om Elias kvar dag kl 12.
Er det interesse for å vera med i ein lesesirkel på biblioteket? Me har lyst til å møtast ca ein gong pr. månad. Velkommen tysdag 13. mars kl. 13-14. Første bok ut er "Det hvite badehuset" av Thorvald Steen. Boka kan lånast hos oss.
I skulen sin vinterferie 12 - 16 februar er biblioteket på Ogna ope tysdag 9 -12 og onsdag 14 - 18. Biblioteket på Varhaug er ope tysdag 9 - 12 og torsdag 14 - 18
Ingvaldsen debuterte i 1995 med novellesamlinga Landskap med gul Lada. I 1999 kom Jada, jada, jada, den første boka i serien om Elias og den umulige bestemora hans. I 2000 gav han ut Jeg er berømt, første bok i serien om Espen Herbert. Ingvaldsen mottok i 1998 Rogaland fylkes litteraturstipend, i 2004 mottok han Arks barnebokpris for boka Nei vel, da, i 2011 Rasmus Løland-stipendet og i 2014 Skolebibliotekarforeningens litteraturpris. I 2017 blei han nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris for boka Far din. Torsdag 1. mars kjem Bjørn Ingvaldsen til biblioteket på Nærbø og vert bokbada av 6.klassingar frå Bø skule – med utgangspunkt i boka Lydighetsprøven (2017). Frå 6. klasse. Gratis.
Veldig kjekt at så mange kom og høyrte Synnøve Skarbø torsdag kveld. Me var 200 stk! Flott å kunne trille vekk hyllene og ha plass til alle som ville koma. Me har sjølvsagt Synnøve Skarbø sine bøker. Dei er utlånte nå, men kan reserverast.