Top Local Places

Hennebygda

Panoramavegen, Nordfjordeid, Norway
Landmark & Historical Place

Description

ad

I Hennebygda bur det ca 70 hennjara, bygda er delt inn i indre, ytre og øvre Henden og Ladehaug. Hennebygda samfunnshus er bygda sin samlingsplass. Ca 10 km austover frå Lote, ligg den usjenerte og fredelige Hennebygda. Med sine godt og vel 60 fasbuande er Hennebygda ei bygd i vekst. Folketalet doblar seg om sommaren, og "Hennjane" har vore ein populær "ferieplass" i 4000 år. Funn av gamle hustufter tyder på at menneske budde her berre deler av året. Det er fleire helleristningsfelt i bygda, og det er registrert mange gravfunn.

Notidsfolket trivst og samhandlar godt. Bortsett frå landbruk og alternativ behandling er det ikkje næringsverksemd i bygda. På fritida driv folk med sjø- og båtliv, hest, jakt og friluftsliv. På kulturfronten finn du spel- og dansarlag, revy og andre sosiale samkomer som gjer trivselsfaktoren høg.

Mykje av dette skjer på samfunnshuset som bygdafolket utviklar og vedlikeheld på dugnad. Stadig fleire leiger desse lokala ved fjorden for bryllaup, konfirmasjonar pg blåturar. Ein fest i "Hennjane" blir ikkje så lett gløymd!

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Hennebygda

Hennebygda
facebook.com

Timeline Photos

Det vårast!

Timeline Photos
facebook.com

Quiz