Top Local Places

Ingeløa Gardskafé & Butikk

Støbakkvik Gard, Godøyvegen 119, Godøy, Norway
Cafe

Description

ad

Ingeløa Gardskafé & butikk. Ingeløa er ein låve frå 1934 som vart restaurert i 2015 og tatt i bruk som gardskafe og butikk.
Butikken har varer som for det meste er 'heimelaga' av kreative, flinke folk rundt om i landet.
Ingeløa er open kvar tirsdag frå klokka 12.00 til 17.00.
Det er muleg å leige løa til selskap og arrangement.

Det blir arrangert Spøte & skravlekveld ein onsdag i månaden og "Endeleg fredag!" ein fredag i månaden.
Sistnemnte er eit uhøgtidleg arrangement for folk i alle aldrar og er meint som ein møteplass utan krav, men med muligheite. Den som vil får bidra med alt frå song og musikk til dikt eller gode historier. Det beste som kan skje er at folk tar initativ til å bidra! Dette er arenaen for å gjere ting ein ikkje nødvendigvis kan, men har lyst å gjere likevel :) Det blir lagt fram forskjellig spel for den som vil spele, Karl Arne lager quiz og det er alltids noko å ete.

Forøvrig er løa dagleg i bruk av 'brukarane' i 'InnPåTunet', eit tilbod til born og voksne med behov for tilrettelagde aktiviteter i kvardagen.


RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Kjære kjekke spøte & skravledamer! Hjertelig takk for ein koselig kveld! Skikkelig vårstemning med 'Alle fugler' på god gammeldags fleirstemt skulevis😄 omgitt av ekte 'vårlukt', lite kjærkomen vedlikehald av vekta, vidløftige planer om cowboy-kveld og litt kanonsk 'ko-ko på stien'. Ja, det er det eg kaller ein vellukka kosekveld🤣

facebook.com

Spøte & skravlekveld

Heisan😊 Siste spøtekveld før 'våronna' tar oss. Håper du kjem👍

Spøte & skravlekveld
facebook.com

Spøte & skravlekveld

Spøte & skravlekveld
facebook.com

"Endeleg fredag!" er over for denne gong. Takk til Gunnar Ajer og Magne Grønhaug for ein kjekke kveld! Og takk til alltid trufaste Bjørn som stilte både bak miksepult og mikrofon ;) Vi hadde hatt plass til mange fleire! Men blikket er for den eine, så takk til kvar enkelt som kom. Vi håper du hadde det like fint som oss:) Og husk; du er hjerteleg velkomen igjen!

facebook.com

Endelig fredag!

Alltid spennende å arrangere.... Kanskje vi blir få, kanskje vi blir mange, no har vi invitert og vi har delt fleire gange, Så velkomen skal du vere ... spennende å arrangere😊

Endelig fredag!
facebook.com

Til den som trur at spøte & skravlekveld berre er for spøtere, har eg ei gladmelding: Ingeløa er for alle uansett arrangement! Men du må like å flire :) Og på spøtekvelden i dag vart det mykje meir fliring enn spøting for min del. Klarte ikkje eingong å få tellt rett opplegget, måtte få hjelp :) Men no er eg i gong; ei halv runde på første omgong, så her går det unna :) Neste spøte & skravle kveld blir 19. april klokka 18.00 Hjertelig takk til alle dokke som eg fekk le saman med, det gjorde godt!

facebook.com

Spøte & skravlekveld

Kosekveld for spøte og / eller skravlelystne i alle alrder :) Ingeløa er plassen for å treffe gamle og nye kjente. Hjertelig velkomen!

Spøte & skravlekveld
facebook.com

Rart å ikkje ha open kafe i morgon.... Håper vi kan opne igjen på eit seinare tidspunkt, sånn som når tunnellane er restaurert kanskje? Men du må gjerne kome på Ingeløa likevel, sånn som t.d. på Spøte & skravlekveld onsdag 15. mars klokka 18.00 eller "Endelig fredag!" fredag 31. mars klokka 20.00 Velkomen skal du vere :)

facebook.com

Photos from Ingeløa Gardskafé & Butikk's post

VIKTIG MELDING! Av og til må ein ta vanskelige val..... Du veit han godeste Ole Einar Bjørndalen, han skulle kanskje ha gitt seg når han var på topp, men han gir seg visst aldri. Vel, det har eg gjort; gitt meg på topp :) Det er rart å måtte stenge tirsdags-kafeen fordi det er for mykje folk, men sant og sei er det ein av grunnane. Ein annan grunn er veldig stor pågang med elevar i 'Inn på tunet'-tilbodet, og det arbeidet er mitt fremste kall og må prioriterast først. Ein tredje grunn er at min gode hjelper har fått ryggproblemer og kan ikkje hjelpe til lenger, og sist, men ikkje minst; min einaste ansatte har studiepermisjon. Til saman blir dette for mykje for meg åleine og derfor må eg stenge tirsdagskafeen. MEN Ingeløa vil stadig vere i bruk, både til eigne arrangement som Spøte & skravle kveld, Endelig fredag! Lovsong på låven, og gardsbesøk. Og sjølvsagt utleige. Så då må eg berre få takke hjertelig til alle mine herlige gjester som har vore på tirsdags-kafe på Ingeløa. Det har vore ein draum for meg å ha deg som gjest :) Tusen takk for besøket!! Følg gjerne med på sida vår, så kan du kome på eit eller anna arrangemet som passar for deg. Velkomen skal du vere!

Photos from Ingeløa Gardskafé & Butikk's post
facebook.com

Sidan Kong Harald var bursdag på tirsdag og vi var i Oslo (sant og sei av heilt andre grunner🤣) måtte vi dessverre holde stengt Ingeløa. MEN TIRSDAG 28. FEBRUAR har vi OPE og er klar for å ta imot deg og alle dine😊 Opningstid 12 - 18 Lunch: Omelett av ferske egg og nysteikt loff Middag 16-18: Heimlaga kjøtkaker Kaffi og kake heile dagen😊 Velkomen skal du vere🤠

facebook.com

Endelig fredag!

Hei alle venner🙃😊 Det hadde vore veldig kjekt om du ville sette av denne kvelden og vere saman med oss på Ingeløa. Vi er faktisk så sikre på at dette blir bra at du skal få pengane tilbake om du blir skuffa🤠 Husk at løa er til for at folk skal møtast! Gler oss til å sjå deg der😉

Endelig fredag!
facebook.com

Vertskapet legg ut på tur igjen og dermed må dessverre Ingeløa halde stengt i vinterferien. Men tirsdag 28. februar er vi på plass igjen, og då er du hjerteleg velkomen til kaffi, lunch eller middag :)

facebook.com

Quiz

NEAR Ingeløa Gardskafé & Butikk