Vestlandsnytt
Description
Lokalavisa for Herøy og Sande Vestlandsnytt er lokalavisa for Herøy og Sande i Møre og Romsdal, med nyhende, informasjon og underhaldning frå nærmiljøet.
Tell your friends
RECENT FACEBOOK POSTS
facebook.comTimeline Photos
Bergsøy banka inn sju! Bergsøy kom til den sjuande himmel ikveld då Langevåg måtte reise heim med sju i sekken. Sander Leinebø Ulfstein blei dagens mann då han laga ekte hattrick før pause! Det kom også tre andre mål før pause. Franjo Tepuric opna med ei god avslutning under keeper etter kvarteret. Så blei Roar Amundsen spelt gjennom og scora sikkert. Etter Ulfstein sitt hattrick var det Daniel Jøsok Kvalsvik sin tur til å pirke inn ballen etter frispark. Etter pause skjedde det lite før heilt på slutten då innbytar Marius Sporstøl sendte Martin Søvik Røren igjennom og dermed 7-0 og årets fyrste siger! På bildet ser vi f.v. tremålsscorar Ulfstein, Kvalsvik, Amundsen, Tepuric og Søvik Røren. (Foto: Thomas Sporsheim)
Timeline Photos
LGFK 1-1 mot Hareid Det vart poengdeling i lokaloppgjeret på River Plate stadion fredag kveld. Dramatikken var stor då Hareid fekk sjansen til å avgjere like før slutt, men ex-LGFK-ar Torgeir Skeide sette straffesparket i tverrliggaren. LGFK tok leiinga ved Tor Jørgen Kleppe i første omgang, medan Martinus Røyset Bakken utlikna like etter sidebyte. På bildet ser vi målscorar Kleppe (t.h.) saman med LGFK sin nykomar Martin Haanes, som elles er spelande trenar for Gjerdsvika i 6.-divisjon. Haanes gjorde ein svært god jobb i midtforsvaret. (Foto: Endre Vorren)
Timeline Photos
Arbeidsulukke i Sande Ei bedrift i Gursken melde onsdag om ei arbeidsulukke med personskade. Hendinga skjedde tidlegare på dag, opplyser politiet. Dei drog tidleg ettermiddag til staden for vidare undersøkingar.
Timeline Photos
Drivande trebåt i Åramsundet Politiet gjekk tysdag ettermiddag ut med melding om ein trebåt (bildet) som var funnen drivande i Åramsundet. Båten, som var full av sjø, vart slept inn til Åram hamn og ligg no fortøygd der. Han er skada og har verken tiljer, tofter eller årar. Kjenner du til denne båten? Eller vedkomande som eig han? Politiet er interessert i tips!
Timeline Photos
Bergsøy - Volda 2-2 Kampen opna jamnt, der den store hendinga var eit brent straffespark frå bortelaget etter 22 min. Det var ikkje fleire sjansar framfor måla men rett før pause gjekk ballen inn bak Jake Knight. Etter mykje om og men fekk Christoffer Bjerknes sjansen og sette han fint i mål. 0-1 til pause. Rett etter pause fekk Sander Ulfstein ballen og fossa framover. Han fann Martin Søvik Røren som sette ballen under keeper og til 1-1. Bergsøy jobba på og tok også leiinga etter 74 min. Franjo Tepuric snurra litt rundt i feltet og sette ballen knallhardt i keepers lengste hjørne. Dermed stor jubel blant heimefansen. Bergsøy klarte ikkje å rive av stormen og Volda fekk si utlikning då Thomas Malins sette ei frispark frå midt på banehalvdelen i mål. Dermed står Bergsøy kun med to poeng etter tre kampar.
Timeline Photos
LGFK imponerte stort Larsnes/Gursken har teke steget til øvre halvdel av 4.-divisjonstabellen. Det skjer etter ein knallsterk 5-1-siger borte mot Norborg torsdag kveld. Frå Grytastranda vert det meldt om ein kamp der sandssokningane dominerte stort. Norborg tok leiinga, men scoringar av Anders Vaagen og Tor-Jorgen Kleppe ordna 2-1 til LGFK ved pause. Etter pause var det game, set og match etter nye scoringar frå Jan Petter Mork, Anders Vaagen og Henrik Rekdal. Det sytte for 5-1 i målprotokollen for LGFK som no står med seks poeng etter tre serierunder. PS 1: Nykonfirmantane Arjan Almestad og John Hatlebrekke Rekdal debuterte i seriesamanheng for LGFK. Det spirer og gror! PS 2: I kveld spelar Bergsøy heimekamp mot Volda. Ein i utgangspunktet heilt open kamp. Foto: Jan Petter Mork, arbeidsmaur og målscorar i kampen mot Norborg (Foto: Frode Fuglseth/LGFK)
Bergsøy sikra uavgjort Bergsøy låg under 1-3 fem minutt før slutt borte mot Skarbøvik laurdag ettermiddag. Ein fin sluttspurt gav seine mål frå Sander Leinebø Ulfstein og Franjo Tepuric (str.) og sikra 3-3 og eitt poeng. Det vert meldt om ein relativt jamn kamp på Siffen. Thomas Sætre Hauge sende herøyværingane i føringa i første omgang. Dermed står Bergsøy med eitt poeng etter to kampar.
Timeline Photos
Laserskannar kysten frå lufta Stussar du på kvifor vi til stadigheit har selskap av eit nærgåande fly, oftast i sol og finever? Det er ingenting å vere redd for. Kartverket er i gong med lasermåling av kystsona på søre Sunnmøre. – Vi vil tette gapet mellom land og sjø, der ein ikkje har høgdedata, seier Hilde Sande Borck, prosjektleiar for Kartverket sitt prosjekt Grøn laser søre Sunnmøre (GLaSS). Dei fem kommunane, Sande, Herøy, Hareid, Ulstein og Vanylven, har i samarbeid med Runde Miljøsenter, NGU og Kartverket fått laga marine grunnkart for søre Sunnmøre. Desse karta har svært høg oppløysing og viser detaljar på sjøbotnen som ingen har sett før, opplyser Kystverket. Dei grunne områda langs land og fløder og skjær ute i havet greier ein ikkje å måle opp med båt, derfor har Kartverket no starta med sitt arbeid for å kartlegge kystsona med flyboren laser der båtar ikkje har fått tilgang til å sjømåle. Detaljrikdom i karta – einaste i landet Allereie har vi eit utruleg flott og detaljrikt kart over sjøen som synar oss korleis havbotnen og terrenget eigentleg er. Elles i Noreg har vi mykje meir grove kart. På søre Sunnmøre er det no opparbeidd kart som viser djupne på kvar einaste meter. – Vi kan sjå detaljar i havet som vi ikkje har gjort før, fortel Nils-Roar Hareide dagleg leiar, Runde Miljøsenter. Anita Sundnes, kommunalsjef teknisk i Ulstein kommune, fortel at målet er å dekke gapet mellom dagens detaljerte høgde- og djupnedata, slik at ein kan presentere ein saumlaus detaljert terrengmodell. Dette vil gi unik moglegheit for ei heilskapleg forvaltning av areala over og under vatn. – For kommunane vil dette vere av stor verdi i arbeidet med kystsoneplanar, godkjenning av tiltak i sjøområda, og gje eit betre analysegrunnlag for plan- og beredskapsarbeidet, seier Sundnes. Ver obs på låg flyging Med fly kan ein dekkje større område raskare enn med båt. Kartlegging under vassflata med flyboren laser er likevel meir krevjande og dyrare enn tilsvarande kartlegging av landområde. Ved kartlegging av sjøbotn må ein fly lågare, og etterarbeidet med å få ut data er også meir krevjande. – Viss du ser fly som flyr lågt, så er det berre fordi dei skannar kystlina, orienterer Sundnes. Beste tida for denne typen kartlegging Tidleg på året har ein klårast vatn med best siktedjup, og mindre vegetasjon på sjøbotn. Ein må flyge lågt og ein må ha dagslys, og samtidig ønskjer ein å fly når vasstanden er lågast mogeleg. I GLaSS-prosjektet flyg ein i periodane når vasstanden er under middelvatn. Forseinka oppstart Datafangsten skulle etter planen vore i gong i månadsskiftet februar–mars, men blei utsatt grunna problem med måleutstyr på flyet. Då utstyret endeleg blei friskmeldt i månadsskiftet mars–april, var det vêret som skapte problem. Fyrst i påska, den 13. april, kom ein i gong med kartlegginga. I samarbeid med Runde miljøsenter får Kartverket informasjon om målt siktedjup i området. – Det er ikkje like god sikt i vatnet no som i februar, men det skal fortsatt vere gode nok forhold, seier Hareide. Om forholda skulle endre seg og sikta bli dårleg, vil prosjektet kunne risikere å måtte sette kartlegginga på vent. BILDET: IGESUNDET. Saumlaus terrengmodell av Igesundet på søre Sunnmøre, basert på LiDAR- og Mbes-data. Illustrasjon: Øyvind Tappel/Kartverket
Timeline Photos
Larsnes/Gursken tapte 1-3 mot Rollon Sandsokningane tok i kveld imot Rollon til sesongens første heimekamp. Dei første 45 minutta var ei jamn affære. Begge lag hadde sine farlege situasjonar, men dei store sjansane uteblei. Det tok seg litt opp i andre omgang, og her var det bortelaget som starta best. Etter å ha styrt dei første 15 minutta av andre omgang, fekk Rollon utteljing. Eit hardt skot langs bakken frå om lag 25 meter sørga for 0-1. Etter dette roa kampen seg igjen, men med kvarteret att, sette LGFK inn ein sluttspurt. Det skulle også gi resultat. Etter 81 minutt jaga Tor-Jørgen Kleppe eit gjennomspel, og etter ein uheldig inngripen av Rollon sin keeper, enda ballen i beina til den raske spissen, som enkelt kunne trille inn utlikninga. Etter dette styrte heimelaget kampen, men utan å skape dei store sjansane. Då ein hadde passert 90 spelte minutt og det såg ut til at kampen skulle ende i eitt poeng til kvart lag, var plutseleg ein av bortelaget sine spelarar åleine med LG-keeper Olav Rekdal. Sandsokningane ropte på offside, til inga nytte. Rollon-spelaren lobba enkelt inn 1-2. Minuttet seinare sette Rollon inn 1-3 etter eit innlegg frå venstre. Dermed glapp det eine poenget heilt på tampen for LGFK. Neste kamp er 4.mai, borte mot Norborg. Laget: Olav Rekdal, Markus Fuglseth, Jørn Olsen (Henrik Eidheim), Leiv Sindre Muren, Bjørn Vikanes, Robert Vik, Anders Vaagen, Johnny Moltubakk, Eivind Myklebust (Tor-Jørgen Kleppe), Karl Gerhard Bringsvor, Jan Petter Mork. Foto: Frå heimeopninga mot Rollon. Vi ser LGFK-målscorar Tor Jørgen Kleppe i framgrunnen. Foto: Andreas Vatne.
Føler du deg mobba på skulen eller på fritida? Eller har du blitt utsett for mobbing i oppveksten? Vi er interesserte i å kome i kontakt med unge menneske som har ei historie å fortelje, for å setje fokus på eit stort - men til tider «usynleg» problem i samfunnet. Journalist Josefine Spiro kan bli kontakta direkte på e-post: josefine@vestlandsnytt.no eller på privat Facebook-melding. Alle henvendingar vert handsama konfidensielt, og eventuelle intervjuobjekt kan sjølvsagt velje å vere anonyme viss dei vil det.
Timeline Photos
VESTLANDSNYTT FÅR NYE EIGARAR Det er gjort avtale om sal av Vestlandsnytt. Lokalavisa for Herøy og Sande vert no selt til Sunnmørsposten AS. Denne veka vart salet godkjent av Konkurransetilsynet, og salsprosessen blir dermed gjennomført etter planen. På bildet ser vi t.v. adm. dir. Lidvar Flydal i Sunnmørsposten AS, som mellom anna kan love at Vestlandsnytt får siste nytt i den digitale verda. Dagleg leiar og eigar Fred Frantzen i Vestlandsnytt seier avgjersla er vemodig, men samstundes er han trygg på at vegvalet er det beste for den tradisjonsrike avisa. Du kan lese meir om denne saka i dagens avis.
Timeline Photos
Mista lappen i anleggsområde Det har ei tid vore nedsett fartsgrense i anleggsområdet Vågen-Almestad på fylkesveg 61 der det vert bygt ny gangveg. Fartsgrensa er nedsett til 50 km/t, og det har vore reagert på ein del råkøyring rundt arbeidarar og maskiner i området. Tysdag var politiet på plass og heldt fartskontroll i anleggsområdet. Resultatet vart at ein mann i 50-åra mista førarkortet. Bilføraren heldt ei fart på 77 km/t.