Top Local Places

Årdal Gym

Elvavegen 4, Øvre Årdal, Norway
Gym/Physical Fitness Center

Description

ad

Årdal Gym er eit moderne foretak i helse- og velværebransjen som tilbyr moderne treningsmoglegheiter i eit motiverande miljø.  Årdal Gym er eit moderne foretak i helse- og velværebransjen som tilbyr moderne treningsmoglegheiter i eit motiverande miljø. Den primære målgruppa er kvinner og menn som likar å vere i eit triveleg sosialt miljø, der treninga ikkje blir målt etter storleiken på musklane. Vi skal tilby ei unik løysing til kvar kunde utifrå deira målsetjingar og behov. Dette skal for kunden vere ei morosam og god oppleving. Vi vil og påpeike at vi arbeider imot og tek avstand frå alle former for doping.

Vi tilbyr mosjonsretta trening i ulike former. Du kan anten trene individuelt på styrke- og kondisjonsmaskiner, eller i grupper under leiing av ein instruktør.

Vi har blant anna desse fellesøktene i grupper: sykkel, styrke, bootcamp, yoga, step/styrke, mage/rygg og sirkeltrening. Kom til oss og tren i eit lyst og velutstyrt treningssenter med moderne maskiner og ein flott utsikt over den storslagne naturen vår. Vi har eit rikt tilbod av både styrke- og kondisjonsmaskiner. Senteret tilbyr og ei velutstyrt avdeling for frie vekter. Som medlem hjå oss får du tilbud om eit personleg tilpassa treningsprogram av ein personleg trenar.

Vi ynskjer dykk alle velkomne til Årdal Gym!

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Hei alle medlemmar ☺️ Gulvet på styrkerommet vart fiksa i går. Ver så snill å ta markløft/tunge løft på hiptrust platforma til me får ei anna platform som desse øvelsane kan gjerast på. Beste hilsen: Ramona

facebook.com

Hallo😊 Jeg hopper inn som vikar på TABATA kl.20:00 på mandag💪 Bli med på en effektiv time med mange gode øvelser! Jeg kan love dere svettefest, høy puls og syre i beina😝👌💪 Beste hilsen: Ramona ( GLEEEEDER MEG )😘

facebook.com

I morgon er det combo-time att i salen kl. 10.00. Kom og bli med du og :-) Dette er ein time for alle der me kombinerer styrke- og uthaldsøvingar i intervallar på 30 sekund, 15 sekund pause. Fort og gale, og ikkje minst effektivt :-)

facebook.com

Hei! «Styrkerommet» på gymmen er stengt mellom 09.00 og 15.00 imåro, lørdag. Dette grunna montering av nytt golv. Ein kan bruke resten av gymmen som normalt ☺️ God helg 💪🏼

facebook.com

Hei! I morgon kl 18 er det 1,5 t med sykkerintervall. Me køyre 4x8 min intervallar og avsluttar med småfrekke 3x2 min👊😁 Det blir godmusikk på popanlegget🕺. Møt opp og ta gjerne med ein venn på ein real sveittefest👍 Me sjåast i spinningsalen! -Kjartan-

facebook.com

Go' fredagskveld :-) I morgon er det endeleg min tur til å ha laurdagstime att. Det kan kanskje høyrast fjernt ut akkurat no mens du ligg på sofaen, men i morgon tidleg er det altså saltime kl 10.00. Eg køyrer ein time med kombinasjon av styrke og kondisjon i intervallar. 30 sek jobb og 15 sek pause. Alle øvingane er enkle og kan modererast eller utvidast alt etter kva nivå ein ynskjer. Dette er ei økt for alle; menn og damer, yngre og meir vaksne, godt trente og dei som vil bli i bedre form. Me snakkast i morgon tidleg ;-) Nina

facebook.com

Resepsjonen er stengt torsdag den 01.02 og fredag den 02.02🙃

facebook.com

Kickstart helga med step/styrke på lørdag kl 10.00💪🏻💦😊

facebook.com

Høgpuls/styrke er flytta frå 20 til 19 på tydagar, og dette blir fast framover våren. Velkommen! 💪🏻😅😅

facebook.com

Her er ein liten introduksjonsvideo av det nye utstyret me nettopp har montert på gymmen. Her kan folk hente litt inspirasjon til øvelsar 😀💪

facebook.com

Heisann! Høgpuls/styrke blir klokka 19 i morgon, i staden for klokka 20. Håpar dette passar, det er ein handballkamp som mange vil sjå i den vanlege treningstida😊 vel møtt! 💪🏻😀

facebook.com

Ta helg med god samvittighet😉 Bli med på en morsom og utfordrende CrossTraining time kl.17:00 imorgen💪 CrossTraining er intensiv intervalltrening som utfordrer både styrken og kondisjonen. Øvelsene er inspirert fra CrossFit, Turn, Yoga og Styrketrening. Timen er for ALLE og legger til motivasjon i dine treningsøkter! BLI MED💪 Beste hilsen: Ramona

facebook.com

Quiz

NEAR Årdal Gym