Description
Tavler og turskilt i tråd med den nasjonale standarden. Utmarksressurs AS leverer informasjonstavler, retnings- og graderingsskilt, toppskilt, pilskilt, varselskilt med meir i tråd med den nasjonale standarden i Merkehandboka. Sjå nettsida vår www.turskilt.no for meir info om produkta våre.
Tell your friends
RECENT FACEBOOK POSTS
facebook.comVi er åleine om å tilby skilt i oppskumma plast med aluminium topplist. Solid, lett og med det du måtte ønske av trykk på framsida. 100 prosent resirkulerbart, og til skilnad frå fleecejakka di: Her blir det ikkje vaska bort mikroplast. For dette skiltet varer svært lenge, heilt utan behov for vedlikehald! Vårt desidert mest populære produkt!
Vi har unike produkt som du ikkje finn nokon annan plass. Men du kan vere sikker på å finne att skilt frå oss i turskilt.no, like fine, om mange, mange år. Du finn dei i skogen, langs kysten, i bygd og by, og på høgfjellet!
Varden står støtt. Den er av stein. Den vil nok vare nesten evig. Skilta i bakgrunnen står også støtt. Dei er høgfjellsskilt i aluminium frå turskilt.no. Dei vil ikkje vare evig, men veldig, veldig lenge. Slik at du slepp å bruke turen til å montere nye eller vedlikehalde dei om fem eller ti eller 20 år. Svært lang levetid betyr mindre ressursbruk, altså mindre miljøavtrykk. Det er eit mål for oss i alt vi gjer!
Naturen er vakker. Det kvite drysset på fjelltoppane minner oss om kva vi har i vente. Somme dagar vil nok ikkje vêret vere like fint. Då er det godt å vite at skiltet på toppen av Staurinibba kjem frå www.turskilt.no, så det blir ståande. Lenge. Uansett vêr. Finn du nokon gong eit skilt som er laga for å tole meir vêr og vind enn dette, så sei ifrå!
Her er det første skiltet vi sette opp, for nesten ti år sidan. Etter det har vi justert mange detaljar for å få eit enda betre produkt. Og her er forklaringa på at vi ikkje kan svare når folk spør kva levetid skilta våre i oppskumma plast har. Det veit vi ikkje enno. Men vi veit at skilta våre står like fint etter ti år, heilt utan vedlikehald!
Sist helg arrangerte Olden Idrettslag motbakkeløpet Skarsteinsetra opp, med mellom andre Johannes Thingnes Bø på startstreken. Saman med meir eller mindre lokale heltar. Og alle fann dei vegen heilt opp til mål. No skal ikkje turskilta våre ta all æra for det, men til kvardags finn også folk vegen heilt opp. Sjølv utan løypevakter og heiagjeng. Og då kan i alle fall god skilting ta litt av æra for at tvilen er rydda av vegen (eller skal vi seie stien?) til fordel for rein turglede!
Ynsker du det raude alternativet, eller det blå, eller vil du kanskje ha ein annan farge? Det skal ikkje vi meine noko om her. Men vel du skilt frå turskilt.no, har du satsa på noko trygt og stabilt. Vi leverer skilt som peikar både eine og andre vegen. Godt val!
Slike bilete likar vi. Flott turterreng - og god skilting, med den mest populære skilttypen frå www.turskilt.no. Her blir det turglede og vedlikehaldsfri skilting i veldig mange år framover!
Vi er litt stolte. Turskilt.no leverer alt av merking og tavler til dei mange turane kring Hoven i Loen. Ta gondolbana #LoenSkylift 1000 meter rett opp, og nyt dei mange turane, alt frå rullestol-løyper til Via Ferrata. Alt merka av oss, så du kjem deg trygt dit du vil! Bileta under viser oppslag frå avisa Fjordingen.
Quiz
