Top Local Places

Manger Ungdomslag / Solvang

Mangersnesvegen 81, Manger, Norway
Community Organization

Description

ad

Manger Ungdomslag er eit frilynt lag for meiningsfylte og allsidige fritidsaktivitetar. Manger Ungdomslag (MUL)

Ungdomshusa vaks fram rundt 1905 og hadde si største blomstringstid i 1920- og 30-åra. Ungdomslagshusa var og er ikkje berre klubbhus for skrivne lagsmedlemmer. Ungdomshusa vart viktige grendahus og kulturhus i sine områder.
Manger Ungdomslag er eit frilynt lag for meiningsfylte og allsidige fritidsaktivitetar.
Laget eig ungdomshuset Solvang og hovedoppgåva er å skaffe inntekter til drift av huset.
Laget skal være ein aktiv medspelar i utviklinga av eit levande og godt nærmiljø for alle som bur på Manger og omegn.
Manger Ungdomslag ynkjer å skape eit betre lokalsamfunn gjennom meiningsfylte kulturaktivitetar.

Det er medlemene som gjennom årsmøtet vedtar arbeidsprogram og budsjett, godkjenner årsmeldingar og rekneskap, fastset kva politiske standpunkt ungdomslaget kan ta, og som vel kven som skal styre laget. Ungdomslaget har vedtekter som medlemene har bestemt, som fortel kva føremålet til laget er og som legg rammene rundt engasjementet og aktiviteten i laget.
Manger Ungdomslag  er eigar og driftar av ungdomshuset Solvang. Drifta vert gjort på dugnad. Trivelege samlingstader er eit vilkår for all sosial og kulturell verksemd i bygd og by. Dessutan er dugnad engasjerande og samlande for dei som er med.
Solvang vart bygd i 1919. Huset har vorte utvida, det har vorte laga parkeringsplas utanfor, samt pussa opp innvendig fleire gongar i løpet av alle desse åra. Siste oppussing var sommaren 2014 der heile huset innvendig, utanom kjøkkenet vart pussa opp. Nye vindauge, delvis ny kledning og ny farge utvendt, i tillegg til ein stor terrasse på oppsida av huset. Huset framstår no som ein flott plass å arrangera ulike tilstelningar. Huset  vert brukt til aktivitetar i regi av MUL men vert også leigd ut til bryllaup, barnedåp, åremålsdagar, konfirmasjonar, kurs, møter etc. Salen er ca 110m2 og det er stolar/bord/ dekketøy til ca 85 pers. Solvang har ein scene på 30m2 med tilhørande scenerom. Huset har tilkomst for rullestolbrukarar og handikapptoalett.

Styret i Manger Ungdomslag er:

   Raymond Stordal (leiar) 92419554
   Else Marie Nødtvedt (Kasserar) 98823011
   Bjørn Erik Klausen 90236699
   Gjermund Lervik 99599977
   Bente Ynnesdal 92062029

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Photos from Manger Ungdomslag / Solvang's post

Ferdig i god tid som vanlig... 1 time før rigging til konfirmasjon.... 😉 Bra jobba alle som har vore med, spesielt Gjermund Lervik og Kenneth Håland 👏👏👏

Photos from Manger Ungdomslag / Solvang's post
facebook.com

Timeline Photos

Timeline Photos
facebook.com

Timeline Photos

Timeline Photos
facebook.com

Photos from Manger Ungdomslag / Solvang's post

Ei flott bedrift hadde julebordet sitt i Solvang i ettermiddag og underteikna var så heldig å få væra tilstades. Aufera er verkeleg ei bedrift med sjel. Ord som respekt for kvarandre, samhold og ekte glede set i meg etter ein sånn kveld. Flotte folk, nydelig mat og underhaldning, samt tre staute ordførarar på plass. Verkeleg flott! Me i Manger Ungdomslag vil samstundes få ynskja alle ei fin jul og eit godt nytt år. Eva Karin

Photos from Manger Ungdomslag / Solvang's post
facebook.com

Manger Ungdomslag / Solvang

Minner om Halloween party (frisko) på fredag👻👻

Manger Ungdomslag / Solvang
facebook.com

Timeline Photos

TAKK FOR EIN KJEKK ETTERMIDDAG I SOLVANG! Takk til alle som kom, alle som har gitt gevinster til både bok og åresal, og stor takk til alle som har kjøpt lodd. Takk til alle som har baka kaffemat og ikkje minst takk til basarkomiteen som har gjort ein kjempejobb! Vel blåst 😉

Timeline Photos
facebook.com

Timeline Photos

Me har bøsse for TV-aksjonen på basaren i Solvang. Velkommen!

Timeline Photos
facebook.com

Photos from Manger Ungdomslag / Solvang's post

Kjekt på SolvangLAN 2016

Photos from Manger Ungdomslag / Solvang's post
facebook.com

Timeline Photos

Timeline Photos
facebook.com

SolvangLAN 2016

Til alle deke som er spente på om det vert SolvangLAN.... DET VERT!! 👍👍👍 Velkommen til deke som har meldt seg på, me har fremdeles plass til fleir :)

SolvangLAN 2016
facebook.com

SolvangLAN 2016

Me har dessverre fremdeles litt for få påmelde til kunne å avvikla LANET. Det er veldig trist for dei som har meldt seg på om me må avlyse, så me ventar til i morgon kl 15 med å bestemme oss. Då er det siste mulighet fordi me må då gå i gang med rigging om det vert noko av. No må de som er usikker bestemme dykk og melde deke på snarast.

SolvangLAN 2016
facebook.com

SolvangLAN 2016

Me har til no for få påmelde til å kunna avvikla SolvangLAN og utvidar aldersgrensa opp til 2. Vgs. Del dette og meld deg på snarast om du ynskjer å være med. Dersom me ikkje har nok påmelde innan onsdag 19. Oktober vert arrangementet dessverre avlyst.

SolvangLAN 2016
facebook.com

Quiz

NEAR Manger Ungdomslag / Solvang