Kalvåg Kystlag
Description
Kalvåg Kystlag, vart stifta 19.feb.2004 etter initiativ frå Johan Frøyen og Åge Tansøy. Kystlaget har tilholdssted Vamråkbua på Kalvøyna. Leiar: Bjarne Pedersen ( 1 år)
Nestleiar: Per Arild Frøyen ( 1 år)
Styremedlem: Marius Sørensen ( 2 år)
Styremedlem: Arild Inge Ryland ( 2 år)
Styremedlem: Linda Liseth ( 2 år)
Styremedlem: Arvid Smedvik ( 2 år)
Vara: Ann Irene Gulestøl ( 2 år)
Valnemnd: Knut Arne Vadøy (3 år)
Valnemnd: Ingrid Johannesen (2 år)
Valnemnd: Wenche Smedvik (2 år)
Kasserer Jostein Nødset
Revisor: Harry Gulestøl (attval 1 år)
Tell your friends
RECENT FACEBOOK POSTS
facebook.comTimeline Photos
Kystfestivalen lagar gardstun midt i Kalvåg - Fiskarbonden er tema for årets Kalvåg Kystfestival. Vi har båtane han brukte, og i år lagar vi til gardstun midt i Kalvåg! Med dyr og aktivitetar for born, seier Jannike Brenden Frøyen, leier i Programkomiteen. - Det blir eit allsidig program med noko for alle aldersgrupper. Vi følgjer hovedlinjene frå tidlegare år, men gardstunet i Visehagen er det største nye tilbodet i år. Dessutan utvidar vi det Historiske visningssenteret med kurs i seising av kuler, baking og ølbrygging. - Og så kan vi glede alle med at Kalvåg Songlag kjem med nytt show på scena på Amtskaia, med fiskarbonden som tema. Dei gjorde jo braksuksess med “Cafe le swing” i fjor, så vi ser verkeleg fram til kva dei skal underhalde oss med i år. Alltid populære “Rorbua” med historiar, allsang og underhaldning er sjølvsagt på programmet. I år med endring tilbake til småbord i lokalet. I fjor forsøkte vi utan, men det vart ikkje heilt som vi håpa på. Med småbord blir det ikkje plass til så mange, men det blir ei betre oppleving for dei som kjem. Og til “Rorbua” bør folk komme tidleg, for den er kjempepoulær og det kan fort bli fullt i Frøyenhuset. Det blir rokonkurranse for vaksne. I fjor vann båten til Kalvåg Kystlag med mange båtlengder, etter at konkurrentane rota seg vekk i rundinga av “Haugefisk”, så i år må kystlaget rekne med å bli hardt utfordra. Dei som ikkje skal konkurrere har høve til å ta seg ein tur med kystlaget sine historiske båtar. Knutholmen inviterer til bryggedans på ny kai og nytt restauranthus, og “tjuvstartar” festivalen med bryggeshow torsdag kveld. Og som vanleg blir det aktivitetar i heile Kalvåg festivaldagane, og for dei sprekaste blir det trappeløp opp på Varden laurdag. Programmet for festivalen er stort sett ferdig. Nokon detaljar arbeider vi med, og vi håper å få plass nokre populære innslag, seier Jannike Brenden Frøyen. Kystfestivalen i Kalvåg er 4. - 6. august. KLATRE I TRE: Kanskje blir det mogleg å klarte i trea også. I Visehagen midt i Kalvåg blir det laga til fiskarbondens gardstun med dyr og aktivitetar for barn. Og på Amtskaia ligg det båtane klare for dei som vil ro seg ein tur. Programkomiteen gler seg til å ta i bruk Visehagen, frå venstre Leni Marie Lisæter, Jannike Brenden Frøyen, Arvid Langeland, Bjarne Pedersen, Gerda Frøyen og Arild Ryland.
Photos from Kalvåg Kystlag's post
Kalvåg Songlag
Photos from Kalvåg Kystlag's post
Årets sild er tørka og klar for salg Pris 15pr.stk Er du interessert å kjøpe Kontakt : Bjarne Pedersen tlf. 95875494 Per Arild Frøyen tlf. 91853366
Kalvåg Bygdelag
Kjell
Timeline Photos
Dei fraktar oss til og frå langs kysten, i stort sett all slags vær. Her møtest dei utanfor Smørhamn. "Frøya" på tur til Florø og Bergen, "Sylvarnes" til Smørhamn og Måløy.
Årsmøtet i Kalvåg kystlag er flytta til Knutholmen i dag kl.16.00
Kalvåg kystlag har hengt opp sild til tørking no er silda so tør at den er fin til damping Ønsker du å kjøpe sild so ta kontakt : Per Arild 91 85 33 66 eller Bjarne 95 87 54 94 15pr.stk
Kalvåg Bygdelag
Kalvåg Kystlag
Photos from Kalvåg Kystlag's post
Kvar torsdag kl. 18.00 er det vedlikehald og reperasjonar på båtane til kystlaget. Fleire bilder på heimsida til kystlaget, www.kalvaagkystlag.com.