Fjordly Ungdomssenter
Description
Fjordly Ungdomssenter er ein leirstad eigd av Normisjon. Leirstaden driv i tillegg hytteutleige, matservering, og utleige av lokale til ulike arrangement.
Tell your friends
RECENT FACEBOOK POSTS
facebook.comFjordlyfestival - Sogn og Fjordane - Normisjon
Hjarteleg velkomne til Fjordlyfestivalen lørdag 20. mai! :) Her blir det hest, luftgevær, pil og boge, barnekonsert, kafè, festivalfinale og mykje meir! Inntektene blir delt mellom Fjordly og Okhaldhunga sjukehus i Nepal.
Timeline Photos
Torsdag 4. mai er det møte på Fjordly med Ove Aksnes og co. kl. 18.00, og Bønekveld på Holmely kl. 17.30 - 21.30. Påmelding Bønekveld i dag. Her vassar ein altså i tilbod ;-) Velkomne!
Acta / Normisjon Sogn og Fjordane
Bønedag/-kveld på Holmely/Fjordly - Sogn og Fjordane - Normisjon
Velkomen til Bønekveld på Holmely torsdag 4. mai! Eva Langseth og Hilde Balsnes Lande leier kvelden, og Jan Gudmund Skrivervik leier lovsong :)
Photos from Fjordly Ungdomssenter's post
På pensjonisttreffet torsdag 23. mars, fekk arbeidarane på Seljehytta vel fortent merksemd. Aslaug Kristina Gillesdal delte ut kvar sin heimestrikka genser til Atle Nøstdal og Finn Bjarnastein. Det artige var at genserane sat som eit skot, utan at det nokon gong var blitt tatt mål! :-) Desse to karane har arbeidd på hytta sidan midt i september. Magne Hoddevik, som òg har vore mykje med, fekk noko godt med seg heim. Vi var litt over førti til middag denne dagen. På møtet hadde Vegard Tennebø god undervisning om å ta med Gud inn i det vanskelege i livet. Han snakka og om 150-årsjubileet som Normisjon feirer i år. Ein fin dag, slik pensjonisttreffa pleier å vere.
Acta / Normisjon Sogn og Fjordane
Holmely
Vil du vere med på Bønedag på laurdag? :)
Photos from Fjordly Ungdomssenter's post
Ein herleg gjeng var på Dugnadsleir i helga! :) På det meste var vi rundt 40 små og store som leika, malte rom, felte store tre, reinsa slukar, vaska veggar, laga mat, tighta stolar, limte stolputer og mykje anna. No er dei svære trea ovanfor hyttene rydda vekk, og det er klart for å lage volleyballbane her. Dei store ospene ved naustet er òg vekke ;). Lørdag morgon vakna vi til eit vakkert vinterlandskap. Søndag tok vi i mot fleire på Fjordly, og feira Storsamling ilag. Her var vi 60 til middag og omtrent 80 på møte. John Olav Hoddevik, Lars Helge Hopland og Vegard Tennebø var husband og Rune Langseth talte. Innsatsen under henteleiken var upåklageleg! Katarina Aabrekk hadde med seg ungdomsleiarar og køyrde to opplegg for borna; eitt for dei frå 4. klasse og oppover, og eitt for dei yngre. Kjekt med mange barn på samlinga! Dugnadsleir er tingen! Her kan du vere ilag med kjekke folk, gjere viktig arbeid og bu gratis :). Neste Dugnadsleir er 15.-17. september.
Seljehytta på Fjordly tek form - Nyhetsarkiv Sogn og Fjordane - Normisjon
Seljehytta blir så fin! :)
Fjordlybasar med nye rekordar - Nyhetsarkiv Sogn og Fjordane - Normisjon
Sjå rapport frå basaren, med trekningsliste for hovudgevinstane.
Timeline Photos
Velkomen på møte på Fjordly på torsdag kl. 18.00 :-) Ove Aksnes, tidlegare styrar på Fjordly, arrangerer møte for Samemisjonen.
Photos from Fjordly Ungdomssenter's post
Fjordlybasaren i går var rett og slett heidundrandes! :-D Det aula inn med folk, gevinstborda blei rygga lenger og lenger inn i matsalen, og vi sette til fleire og fleire bord. Rundt 160 små og store satt rundt småbord då programmet starta. Barnekoret Tusenfryd med sine flinke solistar, sjarmerte og imponerte oss. Frode Kvalheim snakka om at vi er verdifulle og delte flotte bibelvers. Anne Marit hadde Fjordlytipp med artige konkurransar. Gevinstane fekk bein å gå på under to åresal og eitt avrivningslotteri. Små føter og gjekk ivrig rundt og små hender delte ut strikkasokkar, telysestake, påskeserviettar, kaffi, snop og mykje anna spanande og nyttig. Hovudgevinstane blei, som seg hør og bør, delt ut på slutten. Heldige dei som vann mellom anna flotte heimesydde løparar, strikkateppe, iPad, dabradio og dukke med bunad og andre nydelege kle. Det blei rekord både i antall frammøtte, og i økonomisk resultat. Brutto fekk vi inn kr. 117 500 på loddlister, årar og avrivningslodd! Kr. 45 000 kom inn basardagen, og kr. 72 500 på loddlistesal rundt i bygdene. TUSEN TAKK til alle som har bidratt til eit kjempebra resultat! Takk til deg som har selt lodd, kjøpt lodd, gitt gevinst, laga gevinst, baka og til deg som kom på basar! Fjordlystyret og basarkomiteen ordna ut med å lage kake, rigge til, ha programinnslag, styre kjøkenet, servere og rydde opp etterpå! Dokke er gode 👍 ;-) Heia Fjordly! Heia Normisjon! Heia Jesus! 💖