Top Local Places

Aukra kyrkjelyd

Skogveien 1a, Aukra, Norway
Religious Organization
advertisement

Description

ad

I sorg og glede er Aukra kyrkjelyd nærværande, åpen og inviterande til å ta del i livet i Kristi lys. - DÅP                            
- BABYSONG                
- KONFIRMASJON        
- VIGSEL                        
- GRAVFERD                
- GUDSTENESTER
- TIDEBØNER
- ÅPEN KYRKJE FOR STILLHET OG ETTERTANKE
- KYRKJEKONSERTAR
- SAMLINGAR I KYRKJA I SORG OG GLEDE

Uansett kva ditt ønske eller behov er i møte med kyrkja, vil vi møte deg med openheit, respekt og tydelegheit.

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Timeline Photos

Søndag 7. mai feirar vi Høgmesse i Aukra kyrkje kl. 11.00. Vi ønskjer 3 dåpsborn velkomne til kyrkjelyden, og samlar inn pengar til misjonsprosjektet vårt i Kamerun. Etter gudstenesten blir det kyrkjekaffi og årsmøte for soknet. Velkomne!

Timeline Photos
facebook.com

Aukra kyrkjelyd

Foto: Kjell Stian Brunes

Aukra kyrkjelyd
facebook.com

Timeline Photos

Aud og Robert serverer kaffi og vaflar i Kyrkjelydshuset frå kl. 11.30 til 13.30 i dag, velkomne!

Timeline Photos
facebook.com

Timeline Photos

I dag er kafeen i Kyrkjelydshuset open frå kl. 11.30 til 13.30, og Aud og Robert serverer vaflar og kaffi. Velkomne!

Timeline Photos
facebook.com

Timeline Photos

Diakoniarbeidaren er ikkje på jobb dei to neste vekene, men ønskjer deg og alle velsigna dagar medan nyskapinga i naturen sakte stig fram. Slik er det med Skaparen. Han har aldri slutta å vise si skaparkraft, og vi - vi har fått del i den same krafta, skapte som vi er, i Guds bilete. Det er overveldande og stort å få møte menneske i alle aldrar og mange slags livssituasjonar i jobb og fritid, og sjå kor fantastisk og unik kvar einaste person står fram. Ta vare på deg, og kjenn du blir glad i akkurat deg <3 Du er høgt akta og elska av Gud. Varm vårhelsing frå Inghild diakoniarbeidar og sjelesørgjar.

Timeline Photos
facebook.com

Velkomne til påskefeiring i Aukra kyrkje! Torsdag 13. april kl. 19.00 Skjærtorsdagsgudsteneste med Kristian Finn Risung, Robert Coates og Inga Sølvi Korsvik. Fredag 14. april kl. 11.00 Langfredagsgudsteneste med Kristian Finn Risung og Robert Coates. Laurdag 15. april kl. 22.00. Påskenatt med Kristian Finn Risung, Stein Barlaup og Robert Coates. Søndag 16. april kl. 11.00. Påskedagsgudsteneste med Kristian Finn Risung og Robert Coates. Takkegåve til Kyrkjetak i Kamerun. Påskeliljemarka blomstrar og! Velkomne!

facebook.com

Kirkens Nødhjelp

En mulighet til å gi en livgivende gave! Idag går konfirmantene i Aukra rundt å samler inn til Kirkens Nødhjelp viktige arbeid! Vis konfirmantene at det nytter å bry seg om andreā£

facebook.com

Timeline Photos

JAAAA! Endeleg Opa Dør igjen! VELKOMEN til Betania laurdag 08.april mellom kl 12:00 og kl 15:00 Dette er etter planen siste Opa Dør i dette halvåret, så nytt sjansen til eit triveleg, uforpliktande og sosialt treff. Arr: Diakonien i Aukra kyrkje og Betania Bedehus.

Timeline Photos
facebook.com

Første tysdag i månaden (utanom i sommarferien) er det Kvardagsmesse i Aukra sokn. I morgon inviterer vi til Kvardagsmesse i kyrkja kl. 10.30, med servering av vaflar og kaffi etter gudstenesten. Velkomne!

facebook.com

Timeline Photos

Aprilspøk: På Palmesøndag kjem det eit barometer til kyrkja som e utlånt frå Kirkerådet, dei har lenge jobba med å få meir informasjon frå kyrkjelydane om gudstenestane. Barometeret vil vere i kyrkja fram til 1. juni.

Timeline Photos
facebook.com

Timeline Photos

"Vår Gud han er så fast ei borg...ei salmevandring frå faste til påske". Søndag 2. april kl. 19.00 er det Salmekveld i Aukra kyrkjelydshus ved Robert Coates. Kom og syng både nye og gamle salmar for fastetid, maria bodskapsdag, pasjons- og påsketid! Velkomne!

Timeline Photos
facebook.com

Fasteaksjonen 2017

Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon feirar 50 år i år! Konfirmantane i Aukra vitjar husstandane mellom kl. 17.00 og 20.00 for å samle inn midlar til infrastruktur for reint vatn rundt om i verda. Innsamlingsaksjonen er og det diakonale prosjektet til kyrkja i samband med 500-årsjubileet for reformasjonen. Meir informasjon om innsamlingsaksjonen kan de finne på heimesidene til Kirkens Nødhjelp, eller på heimesidene for Reformasjonsjubileet 2017, https://kirken.no/nb-NO/reformasjon-2017/. Ta godt i mot bøssebærarane!

Fasteaksjonen 2017
facebook.com

Recommended Before and After transformation