Top Local Places

Senjamållaget

, ,
Non-Profit Organization

Description

ad

Senjamållaget er ein språkpolitisk aktør som vil arbeide for å fremme bruken av senjamål, særlig i kyststrøka i Midt-Troms og Sør-Troms. Senjamållaget (SML) er ein sjølvstendig språkpolitisk aktør som aktivt skal dyrke og fremme bruken av norsk språk, og særlig senjamål (SM), på alle arenaer der det er naturlig og ein riksnorm ikkje er nødvendig. Det skjer innanfor SML og i eit samarbeid med personar, lag, institusjonar og organ som SML finn det føremålstenlig å samarbeide med.

SML er òg ein verkstad og eit felles forum for ordskifte om språklige og kulturelle emne, individuelt og i grupper etter føremål og geografi. Det kan skipast arbeidsgrupper saman med andre aktørar innanfor og utanfor SM-geografien. Arbeidsgruppene er òg opne for folk som ikkje er i Noregs Mållag eller som høyrer til i eit anna lokalt mål- eller yrkesmållag.

SML blei grunnlagt 10. september 2015 på Senjastua på Silsand, torsdag 10. sep 2015 kl 1800 og er eit lag innanfor Noregs Mållag.

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

MOL f Uttale: måll NN: matavfall, fiskerask e.l. frå GN molna å løyse seg opp, smulast, i sm GN mola male (sund), knuse. Då blir ho (mola) kompostert til GN-NN mold igjen. GE *muldo- støv, jord IE *mel- slå, knuse. Berre viss du ikkje nyttar mola til dyrefôr eller komposterer ho, får du problem med søppel som kjem frå verbet å sope. Jfr sop, oppsop. Mol kan altså bli søppel, men ikkje alt søppel er mol. T har Müll for søppel. De bli to tyjnne måll a ei tyjnna auar. (SM-ordtak) Ta med deg mållbøtta når du går tel søppelkassen!

facebook.com

MOKKE vb sv –a Uttale: måkke NN: moke flytte masse med spade eller skuffel GN moka, frå GN mykr møkker GE *muki IE *meuk- slim, kliss. Sjå møkker.

facebook.com

MO 1 adj Uttale: mo: NN: trøytt, slapp, matt, i sm møda strev, umak, GN móðr GE *moÞa frå IE *me- streve, gjere seg møya. I sm T Mühe møya, adj müde trøytt, E mood stemning, humør og T Mut N mot. Vi var bra mo i knean då vi endelig kom oss heim. MO 2 m Uttale: mo: NN: opning i skogen GN mór sandsletta, opning i skog GE *muha- st.

facebook.com

MJÅG adj Uttale: mjå:g SM for NN mjå GN mjár, mjor, mær tynn om livet (mjøgern) GN ord for hunderasen mynde er mjáhundr. Adj skal vere brukt også om landformasjonar. Mjåsundet. MJÅGE v sv –a Uttale: mjå:ge SM: mjuke, trimme (for å bli tynnare), i sm NN mjå smal, slank, GN mjár el GN mjok(k)a, mjovast bli slankare, GN mey jenta. Slankesporten er ikkje ny i verda: GN mjokka stod i ein tradisjon som strekte seg frå UN *mjofka til GE *maiwakon frå IE rot *mei-, alt i st. Du skal berre bynne å mjåge litt meir, så ska du sjå at du bli tynnar.

facebook.com

MJØGER pl Uttale: mjø:ger 1 NN: mjødm liv, hofteparti GN mjoðm frå superlativ av adj mjá tynn. På SM i uttrykk som mjåg, det motsette av dryg el brei om mjøgern. Han va kje brei om mjøgern/Han va mjåg om mjøgern då han va på Loffoten føste gongen.

facebook.com

MJOGNE vb sv –a Uttale: mjångne SM: ta av i vekt, omfang, i sm mjå tynn, slank, smal, sped, subst møy og vb mjåge. GN mjár, mjór, mær, SM-NN mjåryggen, mjåhund (GN mjáhundr mynde). GN har òg mær for møy, jenta. Dei GN adj kjem frå GE *maiwa- smal, slank IE *mei- minske. Eitt av dei mange kongsemna i sagalitteraturen hadde tilnamnet Meyla (småjenta) fordi han var spedvaksen, tynn som ei jenta.

facebook.com

MIT m Uttale: mi:t NN: lite kongrodyr, plagsamt, pågåande. Ikkje funnen i GN, men samtidig AHD har miza som er eit ord for mygg. Moderne N har mjølm-, skabbm-, fettm-. Mest kjent (og frykta) er vel den varianten som et treverk. Då dem fløtta i nystua, måtte dem la møbla og alt av tre vere igjen, førr det va mit i gammelhuset.

facebook.com

MIDALDERS/-ALDRANDE(S) adj Uttale. me:ajldra(nes) (trykk på 1. staving) NN: midaldra, midalders GN mið- Samansett av med/mid som kan vere preposisjon/berar av ei eldre tyding (IE *me-) midt-, i midten av. Jfr LA medium. Et me’aldranes kvinnfolk = Dame i sine beste år. MIG n Uttale: mi:g NN: urin, piss frå GN vb miga GE *meigan IE *meieh-. Migemaur, på SM ofte kalt mingemaur. Piss er noko vi har frå LA språk (pissoir) gjennom LT.

facebook.com

MEST konj Uttale: mæsst SM for NN medan, mens. Andre SM-variantar: me, mæ. RI omtalar forma som merkelig, men finn ein analog i hellest for elles, der vi òg har hengt på ein –t for å få ei skikkelig bra avslutting på ordet. Nei, eg går no berre hêr og trør mest/me ho X e ett ær’n på butikken.

facebook.com

MERR OG BJØRN idiom Uttale: mærr å bjø:rn SM: om ei/n som kanskje har vore sjuk, men no er fullt arbeidsfør og i fullt arbeid. Sjuk, ho nei? Ho e både merr og bjørn. Han LK var ikkje akkurat overlessa med ord som går på «det indre» i eit menneske; han uttrykte seg med «konkrete metaforar». På spørsmål om korleis det stod til med kona, svarte han: Ho H…, ho e no så ei gammel merr. Ikkje levv’o og ikkje døyr ‘o.

facebook.com

MERR f Uttale: mærr NN: hohest, hoppa GN merr hoppa frå GN marr hest GE *marha- og IE *markos. I sm marskalk/marsjall eigl ‘hestekar’ frå AHD marahscalc stallknekt. GN har også skalkr for tenar, ufri, træl GE *skalka- frå IE vb *skel- skjere. Dermed er stumpe- og pølseskalken også i hus. Sjå skalk.

facebook.com

MELTE vb sv –a Uttale: mejllte NN: løyse opp, fordøye, GN melta fordøye, smelte, malte (korn), i sm å male GE *meltan smelte, løyse opp IE *meld- slå sund, male, knuse. Moltebæra skal ha namnet sitt av verbet.

facebook.com

Quiz

NEAR Senjamållaget