Top Local Places

Store Ringheim hotell & restaurant

Mølstervegen 44, Vossavangen, Norway
Hotel

Description

ad

I "sommarsesongen" er restauranten open kvar dag for ala carte 16.00 - 21.00 (sønd19.00). Puben/lounge er open utover natta. I "vintersesongen" ope torsdag til sundag. For grupper over 10 pers opnar me opp til andre tider også. Staden for folk som likar god mat og god stemning, her kan ein ha formelle middagar, uformelle møte og måltid, godt øl og god lokal drikke, gode smakar, god atmosfere, gode opplevingar
onsertar, feira store dagar
Overnatting i det minste hotellet på Voss, 14 doble rom og eitt familierom

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

🌿 A LA CARTE RESTAURANT 🌿 Ei gamal løa kan innehalda så mangt... I vår finn du blandt anna ein topp moderne a la carte restaurant i den gamle ombygde floren. I ei unik atmosfære tilbyr me ein meny basert på det beste av lokale råvarer. Menyen varierer med sesong. Me har sjølvsagt eit godt utval av drikke, både med og utan alkohol, som passar til den gode maten. 1 person? 2 personar eller fleire? No i vintersesongen er restauranten & baren open frå 16:00 til 23:00 torsdag til sundag (kjøkken til 21:00). https://storeringheim.no/restaurant/ Førehandstinging er alltid lurt - og det gjer du på tlf. 954 06 135 eller booking@storeringheim.no 🌿 For grupper på 6 eller fleire, så opnar me på andre dagar/tider etter avtale. Velkomen til gards! 🌿 #alacarterestaurant #boutiquehotel #matopplevelse #lokaleråvarer #dehistoriske #travellerschoice #voss #visitvoss

facebook.com

For ein herleg vinterdag! ☀️😊⛄️ - og vert du frista til nokre dagar på Voss no i vinterferie så har me faktisk nokre ledige rom! ;-) Velkomen til gards! #vinterferie #paovoss #winterwonderland #utpåtur #hotell #restaurant

facebook.com

🌿 "ØPSTELEMMEN" er heile loftshøgda i "Gardshuset". 🌿 Dette er eit stort og lyst rom med ei dobbelseng, to enkle senger, baderom, sofa og sittegruppe. Øpstelemmen passar godt for ein familie. Her kan de nyta roen og slappa av saman. Manglar de lesestoff eller eit godt gamaldags brettspel? Ja då tar de turen bort i løa der har me eit lite "bibliotek" som de kan velja fritt frå. Etter ei god natt søvn på Øpstelemmen, so nyt du ein god fersk frukost i løa - ein perfekt start på ein aktiv dag på Voss! Velkomen til gards! 🌿 www.storeringheim.no // booking@storeringheim.no #hotell #boutiquehotel #restaurant #detaljer #interiør #utsikt #voss #berrevossevoss #skihotell #vinterferie #selskap #konferanse

facebook.com

✨ "Winemakers dinner" med smak av Italia! ✨ Kryss av fredag 16.mars i kalenderen - og bli med på ei reise i nydelege vinar frå Masi i samspel med god mat frå oss! Les meir her: https://storeringheim.no/nyhende/winemakers-dinner-med-masi-fra-veneto/ Her er avgrensa med plassar, maks 30 stk, so "fyrst til mylne" prinsippet gjeld for dette gildet. Bestilling via booking@storeringheim.no eller tlf.95406135 #winemakersdinner #masi #matopplevelse #restaurant #boutiquehotel

facebook.com

🌿 God føremiddag frå "HORNDALSNUTEN"! Eit lyst flott rom i "Reiskapshuset" der du gjennom store vindauge har utsikt ut i tunet og til toppen av Horndalsnuten. 🌿 Eit opphald hjå oss på Store Ringheim handlar om ei anna verd, hus med sjel, fine detaljar, nytt og gamalt, roleg atmosfære, nye perspektiv, matopplevingar og kjærleiken til menneske. Velkomen til oss! 🌿 www.storeringheim.no // booking@storeringheim.no #hotell #boutiquehotel #restaurant #detaljer #interiør #utsikt #voss #berrevossevoss #weekend #vinterferie #selskapslokale #dåp #konfirmasjon #bryllup #åremålsdagar #møter #konferanse

facebook.com

❄️ VINTERSTEMNING! ❄️ Slik såg det ut hjå oss på Store Ringheim ein flott og kald laurdagsføremiddag tidleg i januar. Snjomengda varierer i løpet av vinteren, men berre få høgdemeter oppover og få minutts køyring frå oss - ligg Voss Resort med Bavallen, Tråstølen, Hanguren, Slettafjedlet, Horgaletten og Lønahorgi. Kilometervis med flotte løyper for liten og stor! No og med fleire ljoslagde løyper og meir kveldskøyring. ⛷🏂⛄️ Vår a la carte RESTAURANT i løa er ope for gode MATOPPLEVINGAR - kvar ettermiddag/kveld frå torsdag til sundag no i vintersesongen. På menyen står av det beste av kortreist mat, tilpassa dei ulike sesongane. Velkomen til gards og til #Voss! www.storeringheim.no // booking@storeringheim.no #hotell #boutiquehotel #restaurant #dehistoriske #visitvoss #fjordnorway

facebook.com

💞 ROMANTISK WEEKEND 💞 Garantert suksess! Overrask din kjære på Valentinedagen i morgo - og bestill eit romantisk opphald her hjå oss på Store Ringheim! Ro og fred, fyr i peisen, bobler, sjokolade og blomar - den perfekte råma for å lata romantikken bløma! 💞💞💞 Me har "romantiske pakker" for opphald i "Eldhuset", "Stovo" og "Lemmen" der me vartar opp med champagne, roser og sjokolade på rommet ved ankomst. Deretter fylgjer ein romantisk middag om kvelden, overnatting i rom med herleg atmosfære og ein god frukost neste morgon. Eit perfekt avbrekk i ein hektisk kvardag! 💞 Bestilling via www.storeringheim.no eller booking@storeringheim.no #valentineday #valentine #kjærlighet #romantikk #weekend #detgodeliv #voss #dehistoriske #storeringheimhotellogrestaurant #TravellersChoice #OnTripAdvisor #Trivagoawards2018

facebook.com

Mor er ofte limen i ein familie, slik er det og her hjå oss. Når me i tillegg er ei travel familieverksemd i vekst, ja då er det ekstra viktig å ta vare på kvarandre med kjærleik.❤️ God morsdag til alle mødre der ute! ❤️ #boutiquehotel #hotell #restaurant #lokaleråvarer #matopplevelser #voss #dehistoriske #trivagoawards2018 #TravellersChoice2018 #OnTripAdvisor Velkomen til gards! ❤️ www.storeringheim.no booking@storeringheim.no tlf. 954 06 135

facebook.com

🌿 Med utsikt mot Horndalsnuten, Storåsen, Herresåsen, Songvesååsen og sjølvsagt ut til gardstunet har me rommet "SLETTAFJEDLET". 🌿 Dette er eit litt mindre dobbeltrom som ligg i 2.etasje i "Reiskapshuset". Likeeins som dei andre romma så er her ei god sittegruppe. Tenk å sitja her å slappa av med ei god bok og ein kopp kaffi ein ettermiddag - og så berre nyta roen og utsikta... 🌿 Har du tenkt deg til Voss i vinterferien? Me ligg kun få minutts køyring frå sentrum, retning Bavallen og Voss Resort. Vår a la carte Restaurant i løa er open kvar torsdag til sundag no i vintersesongen. Her kan du velja velsmakande rettar frå vår nye vintermeny basert på det beste av lokale råvarer. https://storeringheim.no/nyhende/vintermeny-2018/ Velkomen til gards! 😊 www.storeringheim.no // booking@storeringheim.no #boutiquehotel #hotell #restaurant #dehistoriske #visitvoss #kurs #konferanse #selskapslokale #weekend #vinterferie

facebook.com

❤️ MORSDAG ❤️ Kva med å gjera litt ekstra stas på mor på sjølve morsdagen på sundag? Dei fleste mødre vert veldig glad for ein blomebukett & kake, men det ei mor set ekstra pris på som eit avbrekk i kvardagen - er å få gå til "duk å dekka bord" og sleppa å laga middagen ;-) Så inviter mor på middag i vår a la carte restaurant på sundag - og nyt eit hyggeleg måltid saman i ei roleg atmosfære. Om de vil ha 2 rettar eller så mange som 5, ja det vel de sjølve - ei matoppleving og kvalitetstid saman får de uansett! 😊 Førehandstinging er alltid lurt, så ring tlf 964 06 135 for bestilling eller skriv nokre ord på e-post til booking@storeringheim.no https://storeringheim.no/nyhende/vintermeny-2018/ #morsdag #familie #boutiquehotel #hotell #restaurant #dehistoriske #voss

facebook.com

🌿 God føremiddag frå "HANGUR", rom 9 i "Reiskapshuset" 🌿 Ikkje det største rommet vårt, men eit lyst og fint dobbeltrom i 2.etasje - med utsikt mot Graosida og sjølvsagt opp mot Hanguren. Som alle dei andre romma har også dette ei god sittegruppe og eit moderne flislagt bad. Her skal du ikkje mangla noko. Matopplevingar og det gode liv i eit gardstun med ei flott atmosfære, ein kan ikkje få det så mykje betre enn det. Vintersesongen er i gang for fullt hjå oss med både skigjester & andre gjester, restaurantbesøk & selskap, konferanse & møter - menneske av alle slag og ingen dagar er like. Hjå oss møter du ei anna verd, hus med sjel, fine detaljar og eit hotell & restaurant med ein unik identitet. Visste du at me er stolt medlem av De Historiske - Hotel og Spisesteder? 😊 Velkomen til gards! www.storeringheim.no // booking@storeringheim.no #voss #visitvoss #dehistoriske #fjordnorway #ski #afterski #restaurant #hotell #boutiquehotel

facebook.com

Å overraska din kjære med eit romantisk opphald er garantert suksess! Ro og fred, fyr i peisen, bobler, sjokolade og blomar - den perfekte råma for å lata romantikken bløma! 💞💞💞 Me har "romantiske pakker" for opphald i "Eldhuset", "Stovo" og "Lemmen" der me vartar opp med champagne, roser og sjokolade på rommet ved ankomst. Deretter fylgjer ein romantisk middag om kvelden, overnatting i rom med herleg atmosfære og ein god frukost neste morgon. Eit deilig avbrekk i ein hektisk kvardag - og perfekte gåver både til morsdag og valentinedag! 💞 Me er kåra til nr.8 av topp 25 mest 💞 romantiske 💞 hotella i Norge og har motteke "Travellers Choice 2018" frå TripAdvisor! Det er verkeleg stas å få slike tilbakemeldingar på det me har bygd opp her på Store Ringheim. Tusen takk til alle gjestene som har gjeve desse tilbakemeldingane på opphalda sine! booking@storeringheim.no 💞 www.storeringheim.no

facebook.com

Quiz