Top Local Places

Naustdal barne- og ungdomsskule

Berrvellene 16, Naustdal i Sunnfjord, Norway
School

Description

ad

1.-10.-skule i Naustdal i Sunnfjord. Naustdal barne- og ungdomsskule rommar over 360 elevar fordelt på 18 klassar; 50 barn har SFO-plass. Rundt 60 tilsette har NBU som arbeidsplass.

21.08.17 ønskte vi alle elevane velkommen til det ferdig utbygde og rehabiliterte skuleanlegget. Vi er stolte av nye NBU med spanande læringsarena både inne og ute.

Mål for Naustdalskulen: Barn som trivast lærer - barn som leikar lærer!

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Siste dag av Annleisveka! I dag hadde klassane eigne tema, som varierte frå kosekle til sminkedag. Her er eit par bilete, det kjem meir etter helga! Takk for ei super Annleisveke😃

facebook.com

I dag var det svart-kvitt-dag i Annleisveka. Elevane har følgt veldig bra opp :)

facebook.com

I går serverte Bente og Mali havregrynsgraut til elevane på ungdomsskulen. Dei som møtte opp hadde ei fin frukoststund;) I dag gler vi oss til «black&white» antrekk med meir😄

facebook.com

Dag 3 av Annleisveka vart prega av kreative hårsveisar! Kjempekjekt å sjå at elevane (og lærarane) torer å vere så kreative :)

facebook.com

I samband med helseveka vert det servert gratis havregraut til alle elevane på ungdomsskulen i morgon kl 08.15-08.45 i elevkantina. Et frukosten på skulen og få ein fin og sunn start på dagen👍

facebook.com

Annleisdag nr 2!! I dag er det fargerike sokkar som er tema, og elevane har eit supert utval må vi seie :)

facebook.com

Annleisdagane er i gong! i dag var det "Heilt topp hattedag" og vi fekk sjå hattar, capsar og huer i alle fargar og fasongar!

facebook.com

På vegne av ungdommane i Naustdal fekk Agathe Slettehaug og Odin Svoen fekk møte representantane i fellesnemnda til "nye Sunnfjord kommune", onsdag 31.01.18. Her kan du lese kva dei er opptekne av: Å bli godt kjend med kvarandre og kva som faktisk finnast i den nye Sunnfjord kommune er viktig for at vi skal føle oss som eitt folk, meiner Odin Hjellbrekke Svoen og Agathe Abrahamsen Slettehaug som er elevrådsleiar og nestleiar ved elevrådet for ungdomsskulen ved Naustdal barne- og ungdomsskule. Det å bli kjend med dei lokale stadnamna og kva dei noverande kommunane har å tilby, vil ha mykje å seie for at vi skal utvikle ein felles identitet. Det er likevel viktig å halde på det ein har som er genuint for dei ulike stadane, og bygge vidare på dette til noko felles. Så kva kan ein då gjere for å bli betre kjent med kvarandre? Kva med å ta med oss ungdomane med på busstur rundt om i Sunnfjord kommune? Då vil vi kunne bli betre kjend med kva dei ulike stadane i kommunen er. Noko anna ein burde gjere er å arrangere ulike arrangement på tvers av dei gamle kommunegrensene. Er folk villige til å delta på dei ulike arrangementa rundt om i kommunen, vil ein kunne bygge nye relasjonar til dei vi ein gong skal gå på vidaregåande skule med. Det å kome seg ut av «si» kommunegrense, er berre sunt. Noko vi meiner er viktig at må halde fram i Sunnfjord kommune, er skuleturen med Aktive Fredsreiser vi har i 10.klasse. Ikkje berre kjem den fantastiske dugnadsånda som vi har her i Naustdal fram, men denne turen skapar og minner og relasjonar oss ungdomar og vaksne mellom. I forkant av denne turen legg ein ned mange timar med dugnadsarbeid for å kunne reise på tematuren «Aldri meir» til Polen, Tsjekkia og Tyskland. Dette har vore ein tematur Naustdal barne- og ungdomsskule har gjennomført sidan 1997, og i tillegg til å vere både ei dokumentasjonsreise, ei kunnskapsreise, ei holdningsreise og ei kulturreise, så er ikkje minst turen svært viktig for det sosiale samspelet elevane mellom. På denne turen blir nye venskap skapte, og klassemiljøet blir betre etter at ein har fått delteke på denne turen. Noko anna de som bestemmer må ta med dykk vidare, er at Sunnfjord kommune må ha eit ungdomsråd. Dykk vaksne veit ikkje kva vi tenkjer og ønskjer om dei ulike sakene og det er faktisk vi som på sikt skal styre kommunen. At våre røyster vert høyrde, er difor viktig. I ungdomsrådet bør ein fordele mandata likt mellom dei gamle kommunane slik at ikkje den største noverande kommunen har mest sjans til å få gjennom bli høyrde og sine gjennom saker. På denne måten vil alle bli likt høyrde. I Naustdal har ein det meste ein treng for å ha god livskvalitet, så vi håpar dette vil halde fram i Sunnfjord kommune og.

facebook.com

Denne veka har 9.klasse hatt om statisk elektrisitet. Her ser du nokre eksempel på kva aktivitetar dei har gjort! https://youtu.be/SWyOghNz9JU https://youtu.be/1vS3aPGzRgI https://youtu.be/tUt39EmzXZg

facebook.com

Neste veke, «veke 6», er det fokus på helse ved NBU. Elevar, foreldre og tilsette i skulen og helsesøster samarbeidar om ulike aktivitetar. Vi gler oss! Plakaten viser smakebitar. De vil finne meir informasjon på klassane sine vekeplanar.

facebook.com

I dag har fellesnemnda for nye Sunnfjord kommune møte i Naustdal, og første del av dagen fekk dei nytte elevkantina ved NBU. Her er Odin Svoen og Agathe Slettehaug i sving med ein flott presentasjon av Naustdal, og kva dei unge ser som viktig for å bygge ein ny kommune. Ein stolt rektor, Gunn Marit Haugsbø, konstaterte av forsamlinga lytta godt til elevane! Vi deler meir frå innlegget seinare.

facebook.com

I dag markerte vi Holocaustdagen, som er 27.januar. 10.klasse hadde laga eit flott program med musikk, dikt og film. https://youtu.be/2W76w_duSO4

facebook.com

Quiz