Top Local Places

Norsk skieventyr

Vårstaulvg 2, Morgedal, Norway
Landmark & Historical Place

Description

ad

Ski- og polarhistorie og skiglede samla på ein plass! Skihistory and fun, all in one house!
www.vtm.no. Norsk Skieventyr
Norsk Skieventyr er ein naturleg stad å stoppe langs E134. Det spesielle bygget byr på ei multimedia-reise gjennom norsk ski- og polarhistorie og ikkje minst god, heimelaga mat på Innsvingen Kafé. Ope heile året.

Utstillinga startar med ei framstilling på storskjerm av skihistoria gjennom 4000 år, byr deretter på glimt frå Morgedal i 1850-åra, held fram i ein skimakar-verkstad, fortel om kappløpet mot Sørpolen, om Noregs første skivoksfabrikk og soga om den olympiske elden. Interaktiv utstilling om snowboard og twintip, sjå utstyret og historia til bl.a. Andreas Håtveit og Terje Håkonsen, og til slutt: i stort format og på tre skjermar blir du med på telemarksløyping på eit nivå som vil friste deg til straks å spenne skiene på og berre kaste deg ut i skieventyret!
Opningstider og prisar finn du her
I museet finn du også Innsvingen Kafé med ein spennande meny med rettar av lokale råvarer. Vi tilbyr også selskapslokaler og catering.
Det store suvenirutsalet har eit breitt utval av varer, og her kan du også få informasjon om kva Morgedal elles har å by på. Her møter du hjelpsame omvisarar som gjerne ser at du får med deg det beste av Morgedal.
Det er gratis internett-tilgang for dei som gjerne vil sjekke korleis det står til heime.

Utanfor Skieventyret, ute i tjønna, flammar framleis den olympiske elden. Elden blei tent første gongen her i Morgedal føre Dei olympiske vinterleikane i Oslo i 1952. Seinare har Morgedal sendt den olympiske elden til Squaw Valley-leikane i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994.
Frå Skieventyret kan ein spasere opp til Øverbø – til Sondre Norheims fødestad. Fredelege vegar og stigar fører ein opp til denne vakre plassen høgt over Morgedal. Herifrå kan du nyte utsynet og trekkje inn stemninga frå den tidlege skiløypingas magiske landskap. Her står Sondre-stoga open. Hit har tusenvis av skientusiastar funne vegen på pilegrimsferda til den moderne skisportens vogge. Omvisarar står til disposisjon for enkeltpersonar eller grupper som gjerne vil ha fleire detaljar og større innsikt i soga om Morgedal og dei personane som ”la låmi” for den moderne skisporten

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Photos from Norsk skieventyr's post

Det æ gruleg gøtt i soli i Morgedal i dag..... ☀️Men om du frys så har me fått inn att veldig mange fine saueskinn i butikken. Nybrodera puter med Fjellvettreglane på i fleire forskjellige fargar for den som treng det! Tone stend klar ved grytene med den gode middagen sin👍🏻Velkomen!

Photos from Norsk skieventyr's post
facebook.com

Visit Telemark

facebook.com

Instagram Photos

No er det straks klart for rulleski👍🏻Jippi, soli skin☀️ ☀️ #teamtelemark #telemarkshistorier #stinehartmann #stinehar #norskskieventyr #visittelemark

Instagram Photos
facebook.com

Instagram post by Norsk Skieventyr • May 15, 2017 at 11:05am UTC

Den moderne Askeladden utforskar skimuseet og treffer på bygdefolk.... og slekt etter Olav Bjåland

facebook.com

Instagram post by Norsk Skieventyr • May 15, 2017 at 10:01am UTC

Då har me kledd opp den moderne Askeladden med ny rosa T-skjorte og caps👍🏻

facebook.com

Visit Telemark

https://www.facebook.com/visittelemark/posts/10155328021016617

facebook.com

Visit Telemark

Visittelemark kjem til Morgedal måndag 15. mai kl. 09.45 for å gjere filmopptak! Kl. 10.00 landar Stine Hartmann frå Farmen som den moderne Askeladden i fallskjerm på fotballbanen sammen med Didrik Sollid Tangen frå Grenland Fallskjermklubb. Visittelemark skal filme den moderne Askeladden i museet og kafeen på Norsk Skieventyr. Så går turen til Sondre Norheims fødestad Øverbø. Deretter skal den moderne Askeladden prøve seg på rulleski sammen med rulleskiløperar frå Morgedal Idrottslag og instruktør frå Team Telemark. Les meir om reisa her: http://telemarkshistorier.no/moderne-askeladden/farmen-stine-legger-ut-pa-nye-eventyr-i-telemark/ For å deltaka i konkurransen om å vinne ei Moderne Askeladden-reise, meld deg på her: http://www.visittelemark.no/askeladden

facebook.com

Timeline Photos

Det nærmar seg den store dagen, 17. mai!🇳🇴Tone og gjengen på kjøkkenet står klar med buffet. Velkommen alle!

Timeline Photos
facebook.com

Photos from Norsk skieventyr's post

VÅR I MORGEDAL☀️No har vi ope kvar dag! Varmt og godt å sita ute å kose seg. Men vi har "nysno" inne på sudpolen i museet..... ❄️Nye koppar frå Søgne Home og altankurv til blomar og diverse frå Ib Laursen. Dialekttempen i Morgedal visar: Høyturk.... men det æ midt i soli ☀️☀️☀️☀️

Photos from Norsk skieventyr's post
facebook.com

VisitTelemark 2017

https://issuu.com/folkebadet/docs/visittelemark_2017?e=11708131/46937659

facebook.com

facebook.com

Photos from Norsk skieventyr's post

Våren, kor blei den av.....? Blei visst utsett ei veke den😩Men her kokar Tone og Emilia lapskaus som du kan kome å varme deg på. Og pose til tennbrikettar har me fått, for det ser ut som det må fyrast enno ei tid. Kanskje du treng ei korg til å ha strikketøyet i? Kloke ord har me au! Velkomen i kafeen, museet og butikken medan du ventar på våren🌷☀️

Photos from Norsk skieventyr's post
facebook.com

Quiz

NEAR Norsk skieventyr