Top Local Places

Ekspedisjonen Skjenkestove

Tunvoll, Lofthus, Norway
Local Business

Description

ad

Ekspedisjonen Skjenkestove & Bryggeri

"Fjordens mest gjennomførte utestad"

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Nasjonaldagsfest

Nasjonaldagsfest på Krossvoll Hurra for 17. mai! Avslutt nasjonaldagen med ein festleg kveld på Krossvoll: Dørene opnar kl. 19.30, rikt program: Opplesing av "DAG" ved "Lutro damene" Musikalsk innslag frå folkehøgskulen Danseframsyning frå Latvia Middag - Hakkasteik med tilbehør Dans til Wannabees Ekspedisjonen Bryggeri sel forfriskningar 15 år leg. plikt * (konfirmant) Bill: 350,- alt inkludert.

Nasjonaldagsfest
facebook.com

Kviss med Haukelidsæther & Jåstad

Maikviss Fredag 5 mai er "kvissproffane" Haukelidsæther og Jåstad attende i kvissringen. Det vert kanskje ikkje betre enn dette? Tema: "Klassekamp, klarar du å fylle timeplanen"? Vinnarane av klassekvissen i Hordaland kjemfor å varme opp te nasjonae kvissar, kom å mål krefter! Dei lovar varierte spørsmål som høver for alle. Me startar kl. 21.00 Premiering og prestisje!

Kviss med Haukelidsæther & Jåstad
facebook.com

Påskekviss Langfredag

Etter påskelam, kjem påskekviss, - Lofthus Interkommunale kooperative sosiale foreining (LIKSF) er klar for å gje deg ein variert kviss! Me startar kl. 21.00 Premiering og prestisje!

Påskekviss Langfredag
facebook.com

Påskebingo

Me fortset det supre samarbeidet med Krossvoll Kino og invitere til påskebingo Palmelaurdag. Inntektene går til driftinga av kinoen, me lovar flotte premiar, proff bingovert og god stemning. Me opnar dørene kl.19, bingoen startar kl. 19.30

Påskebingo
facebook.com

Aprilkviss

Fredag 7. april er det kviss, kvissmeister er "lettblanding kongen" Harald Alvavoll, han lovar ein variert kviss som høver for alle. Premiering og prestisje! Med open veg gjennom Deildo, kan det vere lurt å koma tidleg, her vert det fullt! Me startar kl. 21.00!

Aprilkviss
facebook.com

Hjørnevik & Iversen

Det har endeleg lukkast Ekspedisjonen å tinga Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen, mange hugsar han dei frå den store fruktlagerfesten. Me lovar at du kjem til å kosa deg voldsomt! Hjørnevik er Norges mest håreisande lyrikarhelt». Are Kalvø, komikar «Eg ler like godt kvar gong». Christine Hope, komikar «Jon Hjørnevik er vår favorittdikter. Fordi han er morsommere enn de fleste i Norge. Med sine rare og ustyrtelig morsomme dikt». Stand Up Bergen «Jon Hjørnevik er vår tids Rabelais, en breddeholder i norsk litteratur, som aldri trekker mot midten av den offentlige smak». Thorvdald Steen, forfattar «Du kan ikkje leva av å lesa dikt». Mor til Hjørnevik «Fy faen så jævlig bra Hjørneviken». Full mann, frå Askøy Bill: 250,- i døre ________________________ Jon Hjørnevik er dessverre frå Voss. Etter nokre hektiske morgontimar den 14.04.70 kunne jordmor Magnhild Undeland og mor hans ønskje Hjørnevik - heretter kalla forfattaren - velkommen til Voss fylkessjukehus. Far kunne ikkje vere til stades under fødselen. Det var ikkje vanleg den gongen at barnefaren var det. Forfattaren vaks opp under knallharde kår frå første dag. Det vart ein kamp der forfattaren tidleg viste seg å ikkje riktig strekke til. Han var svak i langrenn, svak i fotball og usikker i sitt møte med det motsette kjønn. Det har likevel ikkje stått på innsatsen til forfattaren gjennom oppvekst, studietid og arbeidsliv. Men han har liksom aldri funne sjelero i noko der ute. Dette toppa seg då forfattaren sommaren 1999 vart tilsett som revisor i Kommunerevisjonen i Oslo. Han gjekk raskt inn i ein lang depresjon, som har sett djupe spor i forfattarskapen. Forfattaren stakk frå sin revisorpost etter eit lite oppløftande år, og reiste verda rundt for å finne seg sjølv. Det gjorde han ikkje, og jula 2000 vart han tilsett som julenisse på Kløverhuset i Bergen. På same tid spela han kabaret saman med bestemora og ein sveitt kompis. Kabareten bar same namn som den første diktsamlinga hans, I ein sofa frå Korea, som på mange måtar oppsummerer eit turbulent og hardt forfattarliv. Deretter har det vorte fleire diktsamlingar og halsbrekkande diktsamlingar: I ein sofa frå Koera, Den vanskelege andreboka, Shortsen til far min, Mor mi står i glaset, Flukta frå rekkehuset og Heimekontor i gravferda.

Hjørnevik & Iversen
facebook.com

Hordatun i hundre - Hundre år på Hordatun!

Folkehøgskulen er i hundra på Ekspedisjonen!

Hordatun i hundre - Hundre år på Hordatun!
facebook.com

Kvissing

Me lovar ein variert kviss med spørsmål som høver for alle, Kvissmeister er Knut Opedal, me startar kl. 21.00 Premiering og prestisje!

Kvissing
facebook.com

Rakkadeis på Ekspedisjonen

Rakkadeis er eit Vaksdal orientert partyorkester med sterke band til Hardanger, dei er eit fantastisk liveband og har spelt til dans på Morellfestivalen fleire gonger. Medlemer: Ronny Boge (trommer), Kay Roger Elvheim (bass), Brita-Lena Tveit (vokal og synth), Anders Skulstad (vokal og gitar) og Adrian Kydland Skaftun (gitar) Bill: 150,- i døre.

Rakkadeis på Ekspedisjonen
facebook.com

Kviss med Leikvoll & Lutro

Me har fått mange innspel på at det er for lite sport på kvissane på Ekspedisjonen, dette gjer no Odd Leikvoll noko med. Leikvoll med assistentar har laga ein sportsleg kviss med lokal profil som høver for alle. Me startar kl. 21.00

Kviss med Leikvoll & Lutro
facebook.com

Timeline Photos

Me vurdere å sleppa yngre krefter til, sprei ordet!

Timeline Photos
facebook.com

Allsong på Ekspedisjonen Ft. Chorus 80

Chorus- 80 invitere til Allsong på Ekspedisjonen. Kjente og kjære songar i unisont format, krydra med solistar, pianospel og spontane ynskjer frå publikum - kom å syng! Fri inngang

Allsong på Ekspedisjonen Ft. Chorus 80
facebook.com

Quiz