Top Local Places

Flora vidaregåande skule

, Florø, Norway
High School

Description

ad

Læring, inspirasjon og trivsel! Flora Vidaregåande Skule jobbar kontinuerlig med utvikling, og vi set oss heile tida nye mål. Skulen sin mål og utviklingsplan er forankra i Sogn og fjordane fylkeskommune sine mål og strategiar.
Skulen driv si pedagogiske verksemd med utgangspunkt i skulen si pedagogiske plattform og vår visjon som er "Læring, inspirasjon og trivsel".

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Det fantastiske vintervêret held fram og klassane 1HO og 1SEA tok like godt dagens kroppsøvingstime på Storevatnet! ⛸️☀️

facebook.com

God helg fra Susanne, Sara, Synne og Andrea i 3IDA 👋🏻☀️🎈

facebook.com

Welcome to Flora vidaregåande skule Charles. We are pleased to have you working with us the next year. Charles is exchanged from Malawi and Nkhotakota Youth organisation through #Fredskorpset. He has a degree in Physical planning, has worked as a teacher and with varous organisations. At Flora vgs he will teach english, entrepreneurship and work with the schools cantina.

facebook.com

Matematikk S1 har i dag laga ein modell som gjekk ut på å finne ut kor mange strikk dei treng på dukkene for å komme nærast mogleg bakken, men utan å treffe den 💥 Sjå korleis det gjekk her:

facebook.com

Tenkjer vi eigentleg over kva som skjer når meiningsinnhald blir overført frå eit språk til eit anna? Vi les stadig omsette tekstar, på nettsider, i aviser og i rettleiingar. Vi les tekstingar i filmar og TV-seriar og ikkje minst les vi omsette tekstar i litteraturen. Men er vi bevisste på kva som kan skje i overgangen frå eitt språk til eit anna? I regi av den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane skal elevane i 3. klasse ha omsettarverkstad med omsettar Jon Rognlien, torsdag 1. og fredag 2. mars. Med utgangspunkt i TV- serien «Big Bang Theory» skal elevane lage eigne omsetjingar og finne eigne løysingar. Dei får drøfte kulturskilnadar i banning på norsk og engelsk, lære om dei fyrste omsetjingane av Bibelen og Koranen, og diskutere grunnleggjande spørsmål knytte til språk.

facebook.com

IKT drifts- og utviklingstenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune skal ta inn IKT-lærlingar. Ynskjer du ein spanande lærestad i faga IKT-servicefag eller dataelektronikar? Då kan tilby læreplass hjå IKT drifts- og utviklingstenesta i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Fylkeskommunen har til ei kvar tid ca. 15 lærlingar i staben og skal i år ta inn inntil 9 nye lærlingar. Les meir her: http://rubrikk.sfj.no/vis/stillingledig/3425480

facebook.com

I går, onsdag 14. februar, konkurrerte 133 elevar i til saman 20 ulike fag under fylkesmeisterskapen i yrkesfag ved Sogndal vidaregåande skule. Sara Solberg, Roxana Pascu, Yana Voby og Sandra Leirgulen frå Flora Vgs vann konkurransen i barne- og ungdomsarbeidarfaget, medan Christoffer Sønnervik vann konkurransen i industrimekanikarfaget 👏🏻 Vi gratulerer dei flinke elevane våre! 🏆🎈

facebook.com

Førebyggande arbeid er viktig. Nettopp difor har skulen nyleg hatt besøk av ungdomskontakten til politiet i Florø og Statens vegvesen. Alle avgangselevane våre fekk gode tips om trafikktryggleik, sosiale medier og forventningar til russetida. Russen stilte mange gode spørsmål til begge aktørane som var på besøk. Ei god oppsummering av dagen er å huske å ta godt vare på kvarandre og å vere trygg i trafikken. Mona Iren Lid frå Statens vegvesen oppmoda også Florarussen til å delta på den årlege gratiskontrollen av russebilar. Kåringa av den mest trafikksikre russebilen finn stad 23. april i Førde. For meir info om førebyggande trafikktryggleik kan du besøke facebooksida til Russ på hjul.

facebook.com

Klokka 16.00 i dag er det billettslepp til russerevyen og revysjefane Eivor Ottesen og Edwina Rossi er superklare. Dei seier sjølv at dei satsar på å "ta ein Karpe Diem" og selge ut begge forestillingane på ein halv dag: - Jaja, sjølvsagt går vi for rekordsal!, ler dei, men legg til: - Ok då, sånn på ekte så håpar vi at det er utseld til vinterferien i alle fall. Løp og kjøp! Billettane kan kjøpast her: http://www.florasamfunnshus.no/article1350284.ece

facebook.com

Fredag 23. mars skal Florarussen ha russerevy! 🎭🎉 Billettane kjem for sal førstkommande fredag 🎟️

facebook.com

NRK P3 søker ungdommar frå Sogn og Fjordane til ein ny TV-serie. Noko for deg eller ein venn? 🎬 🎥 Sjå bildet for meir informasjon.

facebook.com

I dag fekk russen informasjon av helsesøstrene Kari Liseth og Kristine Berentzen, slik at dei skal få ei trygg og fin russetid 😍🎉

facebook.com

Quiz

NEAR Flora vidaregåande skule