Top Local Places

Sommarkafeen på Espevær

Espeværvegen 45 - Grendahuset, Espevær, Norway
Restaurant

Description

ad

Sommarkafé på idylliske Espevær. Ope mellom 27. juni og 10. august.
Summer Cafè in the idyllic island of Espevær. Open between June 27th and August 10th. Sommarkafeen på Espevær byr på enkel og god mat, god service og ein stad ein kan roe ned tempoet og la praten gå.

Me serverer mest kortreist mat og byr blant anna på deilig varmrøykt laks frå Espevær Røykeri med heimelaga potetsalat og grønn salat.


RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Kjære venner av Sommarkafeen. 😊 I år er det Marita Eide som skal driva sommarkafe på Espevær. Marita er ei initiativrik og hyggeleg ung dame som kom med mann og barn til Espevær for eit par år sidan. Brita og Olga Marie er svært glade for at Sommarkafeen går videre og håpar at mange vil støtta opp om kafeen i år også. Me ønskjer Marita og hennar hjelparar masse lykke til! 🌷🌷😊😊

facebook.com

facebook.com

facebook.com

www.visitespevaer.com

Hei. Veldig kjekt at så mange er innom FB-sida vår i løpet av året, sjøl når kafeen er stengt. Utpå våren vil det komma info om sommarsesongen, så følg med. I kalenderen til www.visitespevaer.com vil ein finna oppdatert info om aktivitetar. I påsken er det noko for eitkvart smak. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål. Hjarteleg velkommen til Espevær! 😊😊

facebook.com

Timeline Photos

Så er kafésesongen i Espevær Grendahus over for i år. Huset er rydda og vaska og klart for nye innrykk. Brita og Olga Marie takkar styret i Grendahuset for lånet av lokalet. Ei varm takk også til alle gjestene me har hatt og for mange hyggelege samtalar med fjern og nær; her er to som var hos oss i dag. 😊

Timeline Photos
facebook.com

Timeline Photos

Jamen finnest det tøffingar som vågar seg ut i ruskever; blant anna desse tre hyggelege kjenningane frå Stord. Takk for at de kom! 😊

Timeline Photos
facebook.com

Regn og bæst på Espevær i dag, men lunt og varmt inne. Kom gjerne vestom for ein prat og litt mat mellom bygene. 😀

facebook.com

Photos from Sommarkafeen på Espevær's post

TUSEN TAKK! Rundt 2/3 av mange gode hjelparar på Sommarkafeen i fjor og i år var i går kveld samla på Gamleposten 5444 til eit velfortent, hyggeleg måltid. Brita og Olga Marie er umåteleg glade og takknemlege for den gode hjelpa me har fått og velviljen dette tiltaket er blitt møtt med. Godt samarbeid er alltid positivt og kjekt. 😍 Takk også til John Elter for fine ord. Slikt varmer! 🌷

Photos from Sommarkafeen på Espevær's post
facebook.com

Timeline Photos

I dag var det siste dag i nest siste veke for Sommarkafeen 2016. Det blei ein del gjester i dag også, både utanfrå og frå øya. Kjekt for oss som held ope, for gjester vil me gjerne ha! Onsdag 10. august er det sesongslutt for Sommarkafeen på Espevær. Kom gjerne innom oss i neste veke, mandag tom onsdag. 😀

Timeline Photos
facebook.com

EKSTRA! 😀 Nokon har snakka saman og bestemt at Sommarkafeen skal vere open søndag 31. juli, frå 11:30 til 16:00. Det blir servert suppe med foccasiabrød så langt det rekk frå kl 13:00, samt gode kaker. Utover det, vår standard meny. Velkommen!

facebook.com

Timeline Photos

Kremkake i dag frå kl 13:00; til dei 12 heldige! 😉

Timeline Photos
facebook.com

Photos from Sommarkafeen på Espevær's post

Etter ein roleg start på dagen med god tid til å slå av ein prat med hyggelege damer på tur, fekk Solveig og eg verkeleg kjørt oss frå halv to til fire. Det aula inn med folk, og alle kom omtrent samtidig. Litt venting blei det, men gjestene tok det fint og var tålmodige og positive. 👏 Takk til alle som kom og velkommen igjen til Espevær.

Photos from Sommarkafeen på Espevær's post
facebook.com

Quiz

NEAR Sommarkafeen på Espevær