Top Local Places

Ishavsmusèet Aarvak

Brandalsvegen, Brandal, Norway
Museum

Description

ad

Ishavsmuseet Aarvak er eit museum for fangst, fiske og ekspedisjonar i polare områder. Ishavsmuseet har ope i mai og september kl 12-16. I juni, juli og august ope kl 11-17.   Ein kan gjere avtale om omvising utanfor opningstid til større grupper.  Utleige til selskap, kurs og konferanse heile året.

RECENT FACEBOOK POSTS

facebook.com

Polarkveld på Ishavsmuseet fredag 13. oktober: Eirik Raudes Land. I spora etter Hallvard Devold og Helge Ingstad Oddvar Svendsen kjem til Ishavsmuseet med foredrag og film fredag 13. oktober. Nordaust-Grønland var på 1900-talet eit viktig fangstterreng for norske og danske fangstfolk, her stod ein av Noregs arktiske vêrstasjonar, og her blei Eirik Raudes Land til då Hallvard Devold heiste det norske flagg og erklærte området for norsk i 1931. Helge Ingstad blei oppnemnt som sysselmann og i varetok norske interesser fram til Haag-domstolen i 1933 gav Danmark råderetten over heile Grønland. I denne perioden var det mange fangstfolk frå Brandal, Sula, Hareid, Ålesund, ja heile Sunnmøre som reiste for å overvintre i små fangsthytter i dette terrenget. Peter S. Brandal freista jamvel å okkupere land litt lenger sør for der Devold heiste det norske flagg. Dette gjorde dei for å prøve sikre seg jaktrettar i terrenget som dei heilt i frå 1900 av besøkte for å komplettere selfangsten i danskestredet. Dei jakta både moskus og isbjørn, levande og daud, og dette var økonomisk viktig for dei. 75 år etter anneksjonen reiste historikar Oddvar Svendsen rundt i Nordaust-Grønland saman med okkupanten Devolds barnebarn, filmregissøren Leiv Igor Devold. Svendsens bok Eirik Raudes Land. I sporene etter Hallvard Devold og Helge Ingstad avdekker historiske hendingar i eit område som ein gong stod i sentrum for norske, polare interesser, og den bringe ny kunnskap om Hallvard Devold, økonomen som blei polar eventyrar og nasjonal helt i 1930-åra. Oddvar Svendsen (f. 1959) er dr. art i historie frå UiT Norges arktiske universitet. Svendsen presentera boka si – ei fortelling om ei reise i tid og rom i Eirik Raudes Land slik det bestod av fangstfolk, eventyrarar og okkupantar. Svendsen viser også filmregissør Leiv Igor Devolds film «My Norwegian Grandfather». Det vert høve til å kjøpe boka. Det vert middagsservering etter foredraget, og på menyen står sjølvsagt steik av moskus denne dagen. Påmelding ved middag. Del gjerne.

facebook.com

Torsdag og balledag. Potetball på museet i dag frå kl 14.00 til 18.00. Velkomen.

facebook.com

Takk til Osberget for god jobb med oppsett og design av Polarstarboka.

facebook.com

Opningstider: Laurdag 18. november kl. 11.00 – 17.00 Søndag 19. november kl. 12.00 – 17.00 Messa på Ishavsmuseet er ei mat, kunst- og handverksmesse der ein legg vekt på det særeigne ved handarbeidet. Også i år vil messa by på mange spanande utstillarar i alle museets etasjar, og kring ishavsskuta Aarvak finn du mykje god og spanande mat. Ikkje berre kan du gjere ein flott julehandel med alle desse spanande utstillarane, men du kan også kike deg rundt i dei flotte utstillingane som Ishavsmuseet byd fram. Skulle du trenge eit avbrekk i handelen vil museet by på både middag og andre smårettar, i tillegg til kaffi og kaker. I museets første etasje vil du også finne museet sin polarshop med mykje fine gåver til deg sjølv eller andre. Polarshopen ved museet byd også på ei av dei største samlingane polarlitteratur i landet. Meir informasjon vil kome etter kvart.

facebook.com

Boka om Polarstar Ishavets Grand Old Lady -Han va’ litt grapsen. Så nøktern var veteranskipperen Kristoffer Marø etter å ha bakka med den nye skuta Polarstar i fleire døgn i uvêret utanfor Færøyane, på veg heim med full last på jomfruturen til Newfoundland i 1949. -Litt grapsen, men ikkje slik at det gjorde noke’. Det var turar då skuta stupte mot djupet i monsterbølgjene og mannskapet kjende seg «rimeleg sikker på at no fekk oss sjå han Gamle-Erik». Turar der det rulla og slingra så kompasset rista laus og stuerten song religiøse songar og forkynte at no måtte dei alle tenke på sin Gud – til lakonisk svar frå fangstfolka at jojo, men «oss får no prøve og kome oss gjønå desse sjøane først…» Gjennom 70 år har slingreskuta Polarstar kome seg gjennom alle sjøar. Ho var den første norske selfangaren bygd i stål. Kristoffer Marø og Martin Karlsen hadde ideen alt før andre verdskrigen. Det gjekk ti år før skuta var klar for selfangst. Det mangla ikkje på åtvaringar frå dei som sverja til tre. Polarstar fekk skeptikarane til å teie. «Polarstar – Ishavets Grand Old Lady» har smakebitar frå skutas lange virke i og utanfor fangstsesongen. Dette er ikkje ein biografi over skuta gjennom 70 år, men levande skildringar frå mange spennande oppdrag, fortalt av dei som var med. Her er mykje kjærleik og dramatikk, eventyrlege minne og småpikante avsløringar. I tillegg til meir enn 50 turar på selfangst, på Newfoundland og i Vesterisen, har Polarstar hatt populære år som sysselmannsskute, forskingsfartøy og turistbåt, frakta blåbær og agnsild, vore på oljeleiting og isbjørnteljing, frakta dynamitt i Mellom-Amerika og fotografert undervasskablar i Atlanteren. Her er det historier om helikopterkrasj i bakmasta og forskarar som ikkje respekterte privatlivet til elskande kvalross. Boka er rikt utstyrt med mange tidlegare upubliserte bilete. No er den første stålskuta blitt den siste. Etter restaureringa i Polen vil ho segle som eit varig minne om ei stolt nasjonal næring. 70 år gammal er Polarstar igjen kledd i si ungdoms drakt og like sjødyktig som nokon gong. Star’en. Finnst det eit finare kjælenamn? Boka kan bestillast frå Ishavsmuseet sin nettbutikk: http://www.ishavsmuseet.no/nettbutikk tlf 700 92004 eller spør etter den i bokhandelen.

facebook.com

Minner om den spanande polarkvelden med Thor Bjørn Arlov på Ishavsmuseet i morgon kl 19. Det er fortsatt ledige plassar til god buffet med klippfisk og godt tilbehør etter foredraget. Husk påmelding til museet om du ønsker middag.

facebook.com

Torsdag og balledag. Potetball på museet i dag frå kl 14.00 til 18.00. Velkomen.

facebook.com

Polarkveld på Ishavsmuseet 22. september «… en del av kongeriket Norge». Korleis Svalbard blei norsk. Thor Bjørn Arlov gjestar Ishavsmuseet fredag 22. september og opnar ei ny runde av dei populære polarkveldane. Det er Svalbard som er tema på haustens første polarkveld. Dette føredraget skildrar Svalbard si politiske historie og prosessen som førte fram til Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 og norsk overtaking 14. august 1925. Han drøftar òg i kor stor mon traktaten sett grenser for norsk styre på øygruppa og korleis dette styret har utvikla seg fram mot våre dagar. Etter føredraget til Arlov vert det i kjent stil servert middag på museet. Denne gong er det klippfisk med godt tilbehøyr som står på menyen. Påmelding for middag.

facebook.com

Polarkveld på Ishavsmuseet 22. september «… en del av kongeriket Norge». Korleis Svalbard blei norsk. Thor Bjørn Arlov gjestar Ishavsmuseet fredag 22. september og opnar ei ny runde av dei populære polarkveldane. Det er Svalbard som er tema på haustens første polarkveld. Frå Barentsz si oppdaging av øygruppa i 1596 og fram til 1920 var Svalbard rekna som terra nullius — herrelaust land. Svalbardtraktaten gav Noreg suvereniteten i 1920 og fem år seinare blei traktaten sett i kraft; Svalbard blei «en del av kongeriket Norge», som det står i lova. Det var ikkje sjølvsagt at Noreg skulle få herredøme over øygruppa. Før 1. verdskrig var det nyttelause internasjonale diplomatiske forhandlingar om «Spitsbergen-saka», som ho blei kalla. I samband med fredskonferansen i Paris kravde den norske regjeringa suvereniteten over Svalbard, og slik blei det altså. Kvifor var dét mogleg i 1920 som var håplaust berre fem år tidlegare? Dette føredraget skildrar Svalbard si politiske historie og prosessen som førte fram til Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 og norsk overtaking 14. august 1925. Han drøftar òg i kor stor mon traktaten sett grenser for norsk styre på øygruppa og korleis dette styret har utvikla seg fram mot våre dagar. Thor Bjørn Arlov er seniorrådgjevar ved NTNU og førsteamanuensis i historie ved Universitetssenteret på Svalbard, UNIS. Han har gjeve ut ei rekkje bøker og artiklar om arktisk historie, blant andre «Svalbards historie» (2003) og «Den rette mann — historien om Sysselmannen på Svalbard» (2013). Etter føredraget til Arlov vert det i kjent stil servert middag på museet. Denne gong er det klippfisk med godt tilbehøyr som står på menyen. Påmelding for middag. Del gjerne.

facebook.com

Polarstar har no gått frå Brandal til Hareid. Vi takkar for besøket.

facebook.com

Barneaktivitetane ved #Ishavsmuseet er godt igong. Kom å sjå modellbåtane i basenget, lag din eigen modell båt eller sitt inn i overbygget og fargelegg. Sosakjøt, riskrem, pølse med brød, is og kaffi finn du inne på museet 😊 Del gjerne.

facebook.com

I morgon, søndag 3.september er det familiesøndag på #ishavsmuseet frå 12.00-17.00. Det blir blandt anna båtsnikring m.m for barna. Søndagsmiddag er sosakjøt og riskrem til dessert. #Polarstar er også open for publikum, klokka 12.00-17.00. Del gjerne.

facebook.com

Quiz

NEAR Ishavsmusèet Aarvak